I ringane
Kristina Leganger Iversen
Roman
Samlaget, 2015
Mora seier seinare: første gong eg såg deg, visste eg ikkje korleis eg skulle elske deg. Berre at eg måtte.
No når eg sit her og skriv dette, er det berre nokre få minutt sidan eg klappa I ringane saman, ferdig lese. Eg har fortsatt vondt i magen, er litt kvalm, uvel. Kristina Leganger Iversen har skrive ein roman som med alt det ubehag som kan oppdrivast, røskar tak i deg og sleng deg ned i eit mørker, på eit varmt badegolv, innelåst, åleine og kor lufta er klam og tettpakka. Sjølv om det ikkje høyrest ut som eit innsal for denne boka, så er det faktisk det. Og kan hende du er ein lesar som tenkjer at du ikkje har problem med vald, innvolar og blod på veggane, at det skal mykje til for at litteratur skal gjere deg uvel. Vel, les I ringane, så kan me snakkast etterpå.
Det er vanskeleg å skrive fram denne typen ubehag. Og jau, det er blod i denne romanen, men det er viktig å påpeike at Leganger Iversen ikkje sleng om seg med innvolar som i ein dårleg skrekkfilm. Jo, hovudpersonen i denne romanen har tatt ei pille som skal skyve eit påbegynt liv ut av kroppen hennar. Det er her boka startar, på det kvelande varme badegolvet. Med tema som abort og dysfunksjonelle familiar, var eg førebudd på at I ringane ikkje kom til å by på trivsel og hygge. Stemninga Leganger Iversen skapar ligg og dirrar i lufta, i dei knappe dialogane, i lyden av saksa som skjer gjennom håret, og i skritta Jo høyrer nærme seg når ho ligg under senga og gøymer seg for faren. Når ein skriv så godt, trengst det ikkje store action-scener med høg musikk, spark og slag for å fange merksemda vår. Med eit konstant, subtilt, men samstundes altoverskyggande ubehag trengjer I ringane gjennom dette skalet eg har kapsla meg inn i for ikkje å bli øydelagd av tanken på verdas naud og elende. Og av og til bør ein opne for besøk innanfor dette skalet, tillate at kunsten skyv ein ut av den berømte komfortsona, nettopp fordi ein kan få slike store leseopplevingar som eg har hatt med denne romanen.
Det er ikkje berre fordi I ringane gir innsikt i ei verd og ein problematikk som verkar å vere gøymd nettopp bak stengde baderomsdører at denne boka bør få merksemd. Også reint litterært og språkleg er ho givande og fascinerande. Det er mange parallellar, koblingar og samanhengar, som nok blir enda tydelegare neste gong eg les boka. Heile romanen er skrive i presensform, samtidig som han hoppar i tid. Dette er eit forteljargrep som fort kan bli rotete og forvirrande. Når det i tillegg er ein utstrekt bruk av personlege pronomen for å angje kven som er med i ei scene, det er stort sett Jo og broren Iben som er presentert med namn, krev det sin lesar å hengje med. Leganger Iversen har full kontroll på denne måten å skrive på, og då blir det eit sterkt verkemiddel. Som når Jo snakkar om «han», og ein ikkje er sikker på om det er faren, kjærasten eller ein anna mannsfigur ho beskriv. Det blir som eit puslespel der alle desse mannsfigura er brikkar med heilt lik form; kven som helst av dei kan passe inn nesten kor som helst i puslespelet.
Det er óg fleire tilbakevendande situasjonar, som det å stå framfor spegelen på badet, nokre gonger med ei saks for å klippe håret. Dette skaper ein dynamikk i romanen, viser korleis livet går i ringar. Det opnar for tolkingar, held lesaren skjerpa, og forsterkar kjensla eg sit med av at eg må passe meg, sjå meg over skuldra. Tidsforflytningane gjer det tydeleg for lesaren at Jo går inn i forhold som liknar dei ho kjenner frå barndommen. Håret blir eit bilete på kva som definerer oss inn i båsar, korleis det ytre er så nært kobla til kjønn og til identiteten vår; saksa eit reiskap som kan forandre dette – når ein klipper håret av, skarpheita i saksa og korleis ein stiller seg til, lagleg for hugg, når ein lar nokon andre halde saksa langsmed halsen sin, symbolikken i at Jo ligg på eit badegolv, same arena som for spegelscener og hårklipping, medan ho ser eit liv renne ut mellom beina sine.
Blodet mellom leppene. Som orda levrar seg og stivnar i møte med lufta. Som tankane, kjenslene, blir blodet avfall i det det forlét kroppen. Blir brote ned, rotnar. Og den søte lukta som fyller badet. Varmen der. I det kalde vatnet, minnet om skogen. Og er det han som renn ut av henne, i blodet.
Nokre gongar kan vanskelege situasjonar, sjukdom og krise i ulik grad gjere at ein kjem nærare dei ein har delt opplevinga med. I familien til Jo er det når det viser seg at lillebror Iben har vatn i øyra og difor knapt har høyrd noko som helst sidan han vart fødd, som blir ein slik situasjon. Denne i utgangspunktet udramatiske hendinga, det felles prosjektet dette blir for foreldra og Iben; instruksjonane på korleis øyra skal behandlas og så vidare, lokkar fram og mogleggjer ein omsorg og ei mjukheit hos foreldra som Jo ikkje har sett før.
Kva ho misunner han mest, veit ho ikkje: Jordbærsmaken, eller det at dei kvar kveld må skylje øyra hans før han skal legge seg. Det er som begge foreldra mjuknar i fleire timar før det skal skje, og fordi det skal skje, blir kveldane nye kveldar, dei får sjokoladepålegg og vaflar, og broren får Donald-blad, og dei et seint og ingen seier at dei skal ete fortare. Skaden som gjer omsorga mogleg.
Denne lavmælte smerta som Jo ber på, er så elegant formidla. Akkurat som tausheita når ein går og ventar på at nokon skal sprekkje og brøle sint ut i rommet, skaper fråværet av den fysiske valden ein går og fryktar skal kome, kjensla av at ein bør liste seg rundt på tå, bruke kviskrestemme og helst vere usynleg for verda. Det er nesten så eg krummar meg saman medan eg les. Forlaget seier i beskrivinga av boka at ho (mellom anna) handler om «valden som kviler over alt som ein skugge.» Det er ei glimrande, heilt presis oppsummering av grunnstemninga i I ringane. I dei delane av boka der det er konkrete beskrivingar av overgrep og den fysiske og seksuelle brutaliteten kjem til overflata, når eg ikkje kan unngå å visualisere overgrepa, tar eg meg sjølv i å halde pusten. Eg les scena ferdig, og kjenner korleis kroppen er i heilspenn. Romanen igjennom kjenner eg spenninga og ubehaget byggje seg opp i meg sjølv, og om ein ser bort ifrå bøker eg har ledd godt av, har eg nok aldri laga så mykje lyd under ei lesing som medan eg las I ringane. Eg vrei meg bort frå sidene i boka, snudde andletet vekk som om boka var ein tv-skjerm med bilete eg ikkje ville sjå, kjensler eg ikkje ville kjenne på. Og nett som i ein sirkel,nett som i ein ring, held ikkje desse kjenslene verken Jo eller meg fast til evig tid, me får puste ut att, senke akslene igjen.
Dette som pulserer i henne medan ho ligg der. Som bølgjer i vatnet, som kvervlar opp, grumset langs botnen, minne. Og i det det fell på plass, kanskje, at det går an å sjå ting klarare.
Kristina Leganger Iversen debuterte i 2011 med diktsamlinga Hjartemekanikk, og det er ikkje vanskeleg å sjå at lyrikken ligg naturleg for henne. Ho har ein svært poetisk måte å skrive på, og i eit intervju med Vårt Land tidlegare i år, seier ho sjølv at «heller enn å skrive dikt som kunne vært prosa, vil jeg skrive prosa som nærmer seg diktet.» Dette er godt nytt, i alle fall hvis I ringane er ein indikator på kva meir me kan vente oss frå Åsane-forfattaren.
Trackback/Tilbaketråkk