Har du nokon gong tenkt på kva som ligg bak eventyra vi fekk høyre som born? Dei verker gjerne uskuldige på overflata, men om ein ser nærare på dei er dei ofte ganske mørke. Eit døme frå norsk eventyrtradisjon er eventyret Kjerringa mot strømmen som handlar om ei kvinne som drept av mannen sin fordi ho er usamd med han. Andre døme er mindre ekstreme, som eventyra om Espen Askeladden. Han vinner gong på gong den ultimate premien: prinsessa og halve kongeriket. I desse eventyra lover kongen ut dottera si for eiga vinning; ein gong fordi han har lyst på eit skip (Askeladden og de syv hjelperne), ein annan gong fordi han synst at dottera kverulerer for mykje (Askeladden og prinsessa ingen kunne målbinde).

thebloodychamberDen britiske forfattaren Angela Carter lot seg inspirere av europeiske eventyr og resultatet er novellesamlinga The Bloody Chamber. Boka kom ut i 1979 og vekte sterke reaksjoner på grunn av hennar erotiske og valdelege framstilling av kjente og kjære eventyr. Historiene er ikkje direkte attfortellingar, men er inspirerte av hendingane i eventyra og sette i en ny kontekst. Fleire av eventyra er tidsbestemte og inneheld stadsnamn som gjer dei meir realistiske enn dei originale historiene. Dei manglar også dei karakteristiske frasene «Once upon a time…» og «They lived happily ever after.» Skrivestilen er svært rik, men også til tider vanskeleg å fordøye. Carter sine setningar er ofte så lange at dei er eigne avsnitt, noko som minte meg om skrivestilen til Jane Austen. Det blir også nytta mange ord og uttrykk som ikkje blir ofte brukt i dag, og det minte meg på at i dei rette hendene er engelsk eit svært mektig og vakkert språk. Carter er spesielt god til å skildre. Her er hennar skildring av den farlege og forføreriske alvekongen i novella Erl-King:

What big eyes you have. Eyes of an incomparable luminosity, the numinous phosphorescence of the eyes of lycanthropes. The gelid green of your eyes fixes my reflective face. It is a preservative, like a green liquid amber; it catches me. I am afraid I will be trapped in it for ever like the poor little ants and flies that stuck their feet in resin before the sea covered the Baltic. He winds me into the circle of his eye on a reel of birdsong. There is a black hole in the middle of both your eyes; it is their still centre, looking there makes me giddy, as if I might fall into it. 

Om eg skulle skildre opplevinga  det er å lese The Bloody Chamber ville eg seie at det er som å vakne opp i ei himmelseng i eit framand, men luksuriøst rom; ein ligg godt, men føler seg framleis utrygg på kva som skjuler seg i neste rom. Opninga av tittelnovella illustrerer dette godt:

I remember how, that night, I lay awake in the wagon-lit in a tender, delicious ecstasy of excitement, my burning cheek pressed against the impeccable linen of the pillow and the pounding of my heart mimicking that of the great pistons ceaselessly thrusting the train that bore me through the night, away from Paris, away from girlhood, away from the white, enclosed quietude of my mother’s apartment, into the unguessable country of marriage.

Nokre av novellene er baserte på spesifikke eventyr, andre er det vanskelegare å kjenne att. Det er også fleire noveller laust baserte på det same eventyret, og dei er som regel plasserte rett etter kvarandre. Det er mellom anna to noveller baserte på Skjønnheten og udyret: Mr. Lyon’s Courtship og The Tiger’s Bride, og to på Raudhette og ulven: The Werewolf og The Company of Wolves.  Tematikken som går igjen i store deler av boka er sex og vald. Menn som forsøker å kue og herske over kvinner er gjengangarar i historiene. Dette er ikkje noko nytt innan eventyrsjangeren. Det som skil seg frå dei tradisjonelle eventyra er at kvinnene i The Bloody Chamber er bevisste over sin eigen seksualitet og makta som ligg i han. Eit døme på dette er The Tiger’s Bride, som handlar om ei ung kvinne som er på reise med faren sin i Italia. Faren hennar er speleavhengig og ender opp med å gamble vekk dottera si til ein tiger forkledd i menneskeklede. Ho reagerer med indignasjon blanda med nysgjerrigheit då ho blir henta for å flytte inn i slottet til tigeren. Sidan ho var ei lita jente har ho blitt fortalt at dersom ho ikkje oppfører seg pent vil tigeren kome og ta henne. På vei til slottet tenker ho tilbake på barnelærdommen:

Old wives’ tales, nursery fears! I knew well enough the reason for the trepidation I cosily titillated with superstitious marvels of my childhood on the day my childhood ended. For now my own skin was my sole capital in the world and today I’d make my own investment.

Jenta er ikkje redd for tigeren, for ho veit at ho har seksuell makt over han. Ho veit også at tigeren ikkje er ein mann, men eit udyr. Ho tenkjer at dei er på ein måte like, dei to, fordi begge blir sett på som irrasjonelle og mindre verd enn mennene i samfunnet dei lev i.

Før eg byrja å lese The Bloody Chamber leste eg ei anmelding som kalte novellene feministiske attfortellingar av tradisjonelle eventyr. Eg forventa såkalla «sterke kvinnelege karakterar» som karatesparkar alle slemmingane dei møter på sin veg. I stadet fann eg noveller som held seg godt innanfor dei patriarkalske samfunnsrammene, men som likevel gir dei unge kvinnene ei eiga vilje og seksualitet. Dei er ikkje offer for seksuell objektifisering, dei er handlande subjekt. Om Angela Carter hadde vore norsk, hadde vi kanskje fått lese om ei prinsesse som stikker av frå Espen Askeladden for å leve saman med trollet. Trollet veit i det minste korleis det kjennest å bli sett på som mindre verd.