Sportsklubben Brann rykka ned samstundes som Anne Helene Guddal las nokre opprivande dikt på Folk & Røvere, i slutten av november. For ein fotball og lyrikk-fan som meg kjentes det heilt rett ut å lide i tystnad mens Guddals dikt traff meg, og minna meg på at fotballen tross alt er der neste år, men at barndommen ikkje er det.

Denne onsdagskvelden i Skostrædet handla om to nye bøker: Gunnhild Øyehaugs Undis Brekke og Anne Helene Guddals Også det uforsonlige finnes. Cecilie Løveid var også tilstades for å lese og å kaste glans over lanseringa. Men dette var Guddals kveld. Ho las frå debutboka og hausta ein uvanleg lang applaus, fullt fortjent, etterpå.

Einsemd og angst
Guddals debut handlar mykje om einsemd, tankar om vårt tidsperspektiv, barndom, fortvilelse og eit dikt-jeg som held på å miste kjensla for røynda. Også det uforsonlige finnes byrjar med eit familiehus som vert oppspist av mørkret, og endar med ingen veg tilbake i «de stærkaste havstrømman». Det er sterk kost, og når eit av dikta freistar å syne eit håp i det heile, vert det nesten tragikomisk: «Men kanskje det går an å leve/i den følesløse angsten óg?».

Enkelte linjer i desse dikta er berre heilt dobbeltgisp, så jævla trist kan det vere at eg vrir meg i stolen. Her er eit lite utdrag frå Guddals opplesning på Folk & Røvere:


Eg tok ein liten prat med Guddal etter opplesninga, og det kan du høyre herunder. Her snakkar Guddal b.a. om overgangen frå å arbeide med andres litteratur til å gi ut noko sjølv, dialektbruk, og om tematikken i Også det uforsonlige finnes:

(Fun Fact: Fyren som avbryt oss midt i praten er Pedro Carmona Alvarez).

Sjølv om Brann rykka ned i ingenmannsland, så rykka Anne Helene Guddal opp i lyrikkens eliteserie denne kvelden.

John-Aksel Haukanes

Dørselgar, diktsleikar, joggar og podcast-geek.

Latest posts by John-Aksel Haukanes (see all)