Det siste året har det vore stille frå mine kantar på Bokmerker fordi eg har fokusert på masterstudiene mine. I mellomtida har eg tilbrakt mykje tid i Tokyo, ein by eg aldri var spesielt begeistra for før no. Men no har eg skjønt kvifor så mange trekker ditover. Byen har som så mange storbyar, noko for einkvar smak. Om ein er glad i shopping og mote, kan ein reise til Omotesando. For dei som er glad i spel og anime, er Akihabara himmelen. Og for bokelskarar finst Jimbocho. Etter eg oppdaga dette nabolaget dedikert berre til bøker, har turane til Tokyo blitt både hyppigare og (litt) dyrare.

Ifølgje den offisielle nettsida til Jimbocho, er der heile 52 bruktbokhandlarar og 6 bokhandlarar som sel nye bøker. Det er difor ikkje ei overdriving å seie at ein kan tilbringe heile dagen der utan å vitje den same bokhandlaren to gongar. Dei første gongane eg var der oppdaga eg berre to av handlegatene, og var godt nøgd med desse. Då eg kom gåande frå ei anna retning neste gong var eg usikker på om eg var på rett spor heilt til dette synet møtte meg i ei tilfeldig bakgate:

Som på biletet ovanfor, er sjølvsagt hovudparten av bøkene i butikkane på  japansk. Likevel er det godt mogleg å oppdrive bøker på andre språk, særleg på engelsk, kinesisk og russisk. Dei fleste bruktbokhandlarane er spesialiserte på eit eller fleire språk eller fagfelt. Ein av bokhandlarane sel berre engelsk science-fiction og husmorsporno, medan ein annan er fokusert på gamle franske moteblad. Halve moroa i Jimbocho er å leggje merke til slike detaljar, og fundere på korleis dei endte opp med å spesialisere seg i nettopp desse sjangrane.

I løpet av mitt siste Tokyo-opphald kjøpte eg rundt 10-15 bøker i Jimbocho, deriblant dei komplette verka til Carson McCullers, eit språkkurs i swahili, Krig og fred på russisk, ei engelsk omsetjing av novellene til den japanske forfattaren Uno Chiyo, ei gammal og utslitt utgåve av Fathers and Sons av Ivan Turgenjev pluss ein liten haug bøker på japansk. Sjølv om kofferten vart betydeleg tyngre på heimturen til Osaka, var lommeboka ikkje mykje lettare sidan kjøpa ikkje kosta meg meir enn tre-fire hundrelappar. Så om de skal til Tokyo og er like glad i bøker som meg, ta turen til Jimbocho og førebu ein ekstra koffert til heimturen.

Ingvill Kjærstein

Studerer japansk litteratur i Osaka, Japan. Har som mål å lese bøker på så mange språk som mogleg.

Latest posts by Ingvill Kjærstein (see all)