operasjonsj¿lv-9788252186673.indd

Operasjon sjølvdisiplin

Agnes Ravatn

Samlaget, 2014

 

Kort oppsummering: Me veit altså at det er svært energikrevjande å vere sjølvdisiplinert. Så energikrevjande at ein faktisk kan risikere å gå tom for viljestyrke alt før formiddagsmat, om ein ikkje passar på. Herregud, dette er jo alvorleg! tenkjer den samvitsfulle lesar og gnir seg fortvila over panna. Ja, visst er det alvorleg, og det er nettopp derfor de har denne boka : Eg er lyset i (den stillesitjande yrkes-) verda, og den som følger mine praktiske råd, skal ikkje vandre i mørkret, men ha livsens lys.

Så satt eg der då, på toget, åleine og med ei sjølvhjelpsbok i fanget. Eg merka blikka frå dei andre passasjerane, og då eg lo høgt for meg sjølv, noterte litt, bretta eseløyre og streka i boka, gjekk blikka over frå «stakkar, sit ho der åleine og les om sjølvhjelp på toget» til «åh-oh, no flirar ho høgt for seg sjølv, kanskje me skal flytte oss?» Lite visste dei at det var første gong eg las ei bok i denne kategorien. Lite visste eg at det var nett denne boka eg trong. Eg gjekk av toget med fornya optimisme og framtidstru.

Med sjokoladen på bordet, kaffikoppen ved sida av, mobilen i ei hand, macen framfor meg og radioen på øyra medan eg tenkjer på alt er skulle gjort, Elixia-kortet som ropar på meg kvar gong eg opnar lommeboka, pensum eg skulle lest og halvferdige tekstar eg ikkje maktar å sette meg ned for å redigere, er eg eit prakteksempel på det liksom-multitaskande, overstimulerte menneske av 2014.

Men ingenting er for seint! Det er mogleg å få livet på rett kjøl. Her er det faktisk ikkje snakk om permanente, uopprettelege skadar. Ein kan opparbeide seg betre sjølvdisiplin att. Det er ein tung veg å gå, men alternativet er mykje verre. Og så er spørsmålet: Korleis? Det er tid for hjelp til sjølvhjelp.

Ravatn har sagt det er eit bevisst val at denne boka er såpass kort som ho trass alt er (108 sider). Når ein skal gjere tilværet, eller ideen om at ei forbetring av tilværet, noko overkommeleg for dei av oss som ikkje eig sjølvdisiplin, ville det vere fånyttes å gje ut ei sjølvhjelpsbok på størrelse med Bibelen. Sjølv om eg gjerne skulle hatt meir Ravatn, er denne boka som ho bør vere – kort, konsis og «to the point» som dei seier i Ravatn si heimbygd Ølen. Me får konkrete tips som er lette å omsetje til handling, og det er ikkje tvil om kven som har skrive boka; sjølv i ein kontekst som denne er den umiskjennelege Ravatn-humoren til stades.

I dag er det heilt feil folk som har sjølvkontroll. Ein av Noregs fremste sjølvdisiplinistar heiter til dømes Fotballfrue. Mens forskarkarrierane til dei lysaste hovuda i landet går til grunne i twitterdiskusjonar, har Fotballfrue ikkje rørt kveitemjøl eller sukker på eit tiår. Me kunne gitt henne ein leikedokterkoffert, og ho ville ha løyst kreftgåta innan halvtanna år.

Student som eg er, har eg utvikla ein sterk kjærleik for gode akademiske tekstar, så når Ravatn hentar fram historiske fakta, rapportar frå forsøk og eksperiment, fagartiklar frå psykologiske tidsskrift og fagbøker på feltet, jublar nerden i meg. Med desse grepa gir Ravatn logiske forklaringar på kvifor me ter oss og reagerer som me gjer, me forstår at det er naturleg, og at me sjølv må ta grep for å vinne over oss sjølve. I kombinasjon med praktiske, konkrete tips og råd (som eg ikkje vil avsløre her) gjer dette boka både lesverdig, nyttig og underhaldande. Det blir som eit sjølvhjelps-kinderegg der figuren inne i egget ikkje er laga av plast og falske lovnader, men som (med litt eigeninnsats) vil gje godt samvit, frigjering frå kvelande uvanar, og meir tid til det du eigentleg vil halde på med. Ravatn er sjølv til stades i eksempla sine, og ho guider oss trygt og vittig gjennom kapitla.

Det viktig å påpeike at det ikkje er ei ovanfrå-og-ned-bok dette her, og ho er fri for det sjaman-aktige preget mange kanskje assosierer med denne typen litteratur. Det finnes heller sleivspark til nettopp den sjølvforherligande tendensen sjølvhjelps-forfattarar kan ha, som i det første sitatet her. Etter å ha lese denne boka sit eg att med trua på at sjølv ein distré og viljelaus sakkosekk kan komme seg ut av eit tilvære med uvanar og over i eit målbevisst  liv styrt av gode vanar.

Eg skal setje denne hausten i Ravatn sitt namn og nytte meg av tipsa ho kjem med i denne boka. Kom jul og eg skal vere fast innslag på treningssenteret, ete sjokolade kun på laurdagar og redigere tekstar fortløpande. Eller vent no litt, Ravatn fortel og at det er lurt å fokusere på ei målsetjing av gongen. Hmm, då kan eg kanskje opne ein sjokolade medan eg bestemmer meg for kva eg skal begynne med?

Lena Ramberg

Tar en bachelor i internasjonal kommunikasjon.
Går mest av alt og venter på at en eller annen onkel Skrue skal ta denne redaksjonen under sine gullkantede vinger og faktisk betale oss for å skrive om litteratur, slik at vi kan gjøre det på fulltid.

Latest posts by Lena Ramberg (see all)