The Goddess Chronicle 
Natsuo Kirino
Canongate Books, 2014 

The Goddess Chronicle er skriven av den japanske forfattaren Natsuo Kirino. Kirino er mest kjent for sine krimromanar om dei mørke sidene ved det japanske samfunnet, til dømes Ute (som finst på norsk!) og Grotesque.  Eg har nemnt Kirino fleire gongar tidlegare her på bloggen, men har ikkje via romanane hennar eit eige innlegg før no. The Goddess Chronicle er ikkje ein krimroman, til forskjell frå dei tidlegare bøkene eg har lese. Romanen går tilbake til røtene for den japanske folkesjela, nemleg mytologien. Eg hadde ikkje noko særlig forkunnskapar om japansk mytologi (som tilhøyrer religionen shintoisme) før eg las denne romanen, og lærte mykje undervegs.

Den første halvdelen av romanen følgjer oppveksten til den unge jenta Namima som veks opp på ei lita øy langt sør for Yamato (Japan). Sjølv om øya er oppdikta, er det lett å oppfatte at øya er tiltenkt å vere ein del av øygruppa som i verkelegheita kallast Okinawa. Okinawa var opprinneleg eit eige kongerike kalla Ryuukyuu, men vart seinare ein del av Japan. Øyriket har difor mange tradisjonar og skikkar som skil seg frå resten av Japan. Mormora til Namima er orakelet på øya, og tittelen skal gå vidare til bornebornet Kamikuu, storesøstra til Namima. Familien til orakelet er den viktigaste på øya, for tittelen går i arv annakvar generasjon. Orakelet er yang (lys), medan dottera til orakelet alltid vil vere yin (mørk). På same måte har systrer kvar si rolle; Kamikuu er yang, medan Namima er yin. Livet på øya avhenger av at det blir født jenteborn i kvar generasjon så tittelen kan bli ført vidare. Sjølv om Namima har ein nokså skjerma oppvekst, blir det etter kvart tydeleg kva rolla hennar som yin inneber. Då ho prøver å rømme frå lagnaden sin, ender ho opp i dødsriket.

Når Namima reiser ned til dødsriket blir historia hennar fletta saman med den japanske skaparforteljinga. Ifølge boka Kojiki, der mykje av den japanske mytologien har sin basis, fanst det først to gudar: den kvinnelege guden Izanami og den mannlege guden Izanaki. Saman skapte dei øyriket Yamato og fleire gudar. Då Izanami føder ein eldgud får ho brannskader så alvorlege at ho døyr. Mot eiga vilje blir ho  herskerinne over dødsriket. I mellomtida lever Izanaki vidare i menneskeform og set liv til verda ved å befrukte menneskekvinner.

Boka skifter forteljar fleire gonger, noko som gjer det litt hektisk til tider. Eg var veldig investert i historia til Namima, men historia hennar hamnar etter kvart i bakgrunnen av det større biletet. Seinare er det  guden Izanaki som er forteljar. Det er tydeleg at forfattaren har hatt lyst til å fortelje noko større enn berre historia til Namima på den vesle øya, og at det gjorde det nødvendig å skifte fokus undervegs i forteljinga. Likevel blir det litt forhasta mot slutten, og eg endte opp skuffa over avsluttinga.

Eit av dei største temaa i boka er den fundamentale skilnaden på guder og gudinner. Sjølv blant dei guddommelege er det kvinna som føder. Spørsmålet som går igjen er: kvifor er det gudinna som må føde? Eller, kvifor er det kvinna som må føde? Dette blir også knytt saman med dødelegheit. Sjølv om ein skulle tru at alle gudar ville vere heva over døden, er ikkje det tilfelle for Izanami. Fordi ho er gudinne, kan ho døy. Denne urettferden fører til mykje bitterdom, som gjer at Izanami gjer alt ho kan for å hemne seg på sin tidlegare make, Izanaki. Historia gir ingen svar på årsaken til skilnaden på guder og gudinner, menn og kvinner. Likevel er det eit interessant tema, sidan det er ein så viktig del av den japanske skaparforteljinga. The Goddess Chronicle er definitivt verdt å lese om ein vil lære om japansk mytologi eller bli kjent med Natsuo Kirino sitt forfattarskap.

Ingvill Kjærstein

22 år gammal og studerer japansk litteratur i Japan. Har lyst til å klare å lese bøker på så mange språk som mogleg.

Latest posts by Ingvill Kjærstein (see all)