Armenia, Albania, Argentinaarmenia
Rønnaug Kleiva
Roman
Samlaget, 2012

Eg har reist ein del, og i motsetning til mange andre reiseglade som berre ikkje kan få nok resielitteratur, reisebøker og «eg skal ut og finne meg sjølv i verda»-bøker, er det sjeldan eg oppsøkjer slik litteratur.
Eg kom på at eg skulle lese ei bok av Rønnaug Kleiva fordi Agnes Ravatn anbefaler å lese henne. At det blei Armenia, Albania, Argentina var fordi det var den einaste boka med hennar namn som stod på bibliotekhylla. I tillegg er reisemåla i tittelen stader eg trur innbyr til meir enn museumsbesøk og strandliv, så eg gjekk inn i denne boka med eit håp om å finne ei litt annleis reisebok.

Hovudpersonen Rønnaug har vore på tur. Åleine. Me er invitert med og får ta del både i tankane, bussturane, måltida, historiene om menneske ho har møtt og dei ho møter undervegs på reisa. Og som logikken jo tilseier så møter ein gjerne menneske som er litt annleis når ein reiser til stader som er annleis. Rønnaug har nemleg ikkje vore på Gran Canaria. Ikkje på denne turen, i alle fall.

Eg går ut. Når eg går i gatane, skimtar eg i retning Tyrkia fjellet Ararat gøymt bak skyene. Rundt meg dundrar trafikken, lufta er full av eksos. Av og til blir fjellet borte, av og til stig det klart fram. Eg tenkjer på alt vatnet som flaut rundt då arka landa der på toppen etter syndfloda og alt levande kom seg ut medan havet smått om senn trekte seg tilbake. Men det er lenge sidan. No er det lunsjtid.

Kvart kapittel har fått namn etter kor det foregår. Rønnaug tek oss med til Albania, Georgia, Kroatia, Bosnia, Kosovo, Makedonia, Hellas, Bulgaria og Tyrkia. Innimellom er det kapittel som bryt med mønsteret, der me får bli med tilbake i tid, der nokon annan tek over eg-stemma og fortel frå sitt liv, det er dialogar mellom andre menneske og samtalar der Rønnaug sjølv er involvert. Det er ikkje noko repeterande med boka, ho overrasker meg stadig med hopp i både tematikk og tone. Eg håpar det kjem fleir bøker om Rønnaug, ho er eit menneske eg vil vite meir om og bli betre kjend med, prøve å finne ut av. Eg kan jo nemne noko som verkeleg fascinerte meg med Rønnaug sin kompleksitet, nemleg spion- eller agentrolla ho stundom tek når ho møter menneske ho ikkje stoler på eller ikkje vil treffe att. Då gøymer ho seg, byttar hotell midt på natta eller lyg om kven ho er eller kor ho bur. Som sagt, Rønnaug er ei dame med mange sider.

Heile romanen gjennom er språket direkte, utildekt og ekte, Rønnaug fortel om kroppen sin som ikkje lenger er like spenstig, om elskarar ho har hatt. Eg let meg spesielt imponere av måten ho heile tida evnar å få meg til å dra på smilebandet, ikkje på kvar einaste side, men oftare enn tematikken skulle tilseie.

Eg kjøper nokre kort og frimerke i ein kiosk. Eg plar alltid sende kort til venner og kjende når eg er ute og fer. Det kostar så lite og tar seg så godt ut. Eg lærte dette med kort av ein mann eg kjende ein gong, han pla alltid kjøpe seg ti kort og ti frimerke når han var ute og reiste, og så sende han dei til folk. Ein gong ei gammal tante døydde, fekk han tilsendt korta som ho hadde samla på, frå dødsbuet. Dobbel merksemd. Rein bonus.

Eg har alltid beundra denne evna nokon har til heilt sømlaust å kombinere humor og alvor. Utan at det blir oppstykka og kunstig. Kleiva skriv om død og tap, erfaringar med det og tankar ikring det mørke i livet. Samstundes blir det aldri heilt svart i Kleiva si verd, det finnes alltid lyspunkt, vendingar i ei setning som set lesaren på andre tankar.

Alle står vi på kanten av grava. Om nokon kyssa meg, ville det lukta innestengt soverom. Og eg kjem på ein mann som sa til meg ein gong at han ikkje likte at ungane hans sov på same rom som svigermor hans om natta. Han likte ikkje å tenkje på den gamle og øydelagde lufta dei pusta i seg.

Mot slutten av boka er Rønnaug heime att. Me har fått vite at ho reiser mellom anna fordi ho treng å flytte fokus, å kjenne på nye utfordringar, «då har eg fått pause frå heimevanskane ei stund» som ho seier til ei dame ho møter på (nok) ein buss. Dialogane i Armenia, Albania, Argentina er framifrå, beundringsverdige, og kombinert med deskriptive beskrivingar kjem alt Kleiva skriv om tydeleg til syne for meg medan eg les, det er flott.

Dette var altså mitt første møte med Kleiva. Eg sender gladeleg anbefalinga frå Ravatn vidare, og skal no på jakt etter Fangeteneste, som var den Kleiva-boka Ravatn trekte fram.

 

Lena Ramberg

Tar en bachelor i internasjonal kommunikasjon.
Går mest av alt og venter på at en eller annen onkel Skrue skal ta denne redaksjonen under sine gullkantede vinger og faktisk betale oss for å skrive om litteratur, slik at vi kan gjøre det på fulltid.

Latest posts by Lena Ramberg (see all)