Undis Brekke
Gunnhild Øyehaug
Roman
Kolon, 2014
Eg kvepp nesten i det eg, etter at romanen opnar med ei utgreiing i beste Øyehaug-stil om livets opphav, blar om til den tredje sida med tekst, side 9, og det er eit «eg» der. Kva, tenkjer eg, kva skjedde no? Øyehaug har, såvidt eg veit, ikkje skrive mykje i denne intime, tett på, innanfrå første personen tidlegare. Kva er det ho gjer? Jo, jaggu skriv ho i første person, det er Undis sjølv som fortel her, og ho er eit «eg», ikkje eit «Undis Brekke» eller eit «ho». Kva gjer så dette perspektivskiftet med romanen? Mister han det Øyehaugske som eg er så glad i, det leikande, modige, skarpe, undrande, direkte, morosame? Sjølvsagt ikkje.
Viss ein visualiserte språket til Roland Barthes (noko eg hadde for vane), så kunne ein sjå for seg eg-et, som nærma seg teksten, som noko heilskapeleg, altså som eit menneske, kort og godt, eller eit omriss av eit menneske då, «eg-et som nærmar seg teksten», ein kunne altså sjå for seg eit menneske nærme seg ein tekst (eg såg for meg ei gigantisk, oppslått bok på ei stor, vid mark), men som med dette, påpeikinga av at dette eg-et, der det dreiv og nærma seg teksten, allereie var «eit mangfald av tekstar», omtrent blei treft av noko, , rett i magen, at det framstod som plutseleg trådaktig, og at ein kunne føle at trådane, dei usynlege trådane susa bakover, pooooffff, som om det var eit digert hòl i eg-et, med masse trådar bakover og bakover i eit verdsmørker, ein kunne ikkje følge dei med blikket, sa eg,dei fortapte seg i det uendelege, og der bak, langt bak alt, fanst kodane, opphava, til kvar enkelt tråd, men no kunne vi ikkje finne dei lenger, dei var vekke, dei var der, men dei var usynlege, dei sigla omkring, med lukka statueansikt, ute i rommet, i verdshistoria. Hehe, sa eg, eg kjende meg brått nervøs, fordi eg hadde starta på dette (…)
Med unntak av blikk tilbake i Undis sitt liv og til ein svipptur til New York, er handlinga i Undis Brekke lagt til eit smalahovelag i ei fiktiv sunnmørsbygd. Undis har fått ei undervisningsstilling sjølv om ho hatar å undervise og er redd ungdommar, og speler, i den særs underhaldande og noko spesielt samansette gruppa med kolleger, noko ufrivillig rollen som «den heimkomne». Øyehaug har presisert at nabobygdene me blir med til her, Eitre og Kolve, er oppdikta stader, men ein treng verken studiepoeng i geografi eller vere spesielt god i Google maps for å sjå likskapen mellom desse to og Ørsta/Volda. Øyehaug er sjølv ørsting (som ikkje må forvekslast med ein volding!), og hotell Alexandra som nemnast i boka, finst i verkelegheita, det ligg eit vestlandsk steinkast frå Ørsta/Volda, altså i nabofylket Sogn og Fjordane, eit hotell der eg sjølv for nokre år sidan drakk ein kald brus ein varm sumardag. At Kolve er stødige Ørsta og Eitre den pretensiøse Volda skal eg ikkje påstå hardnakka, men ingen som har lese denne romanen vil bli sjokkerte dersom Øyehaug om fire år, når det skal markerast at det er tjue år sidan ho debuterte som forfattar og ho blir bedd om å reflektere over utgjevingane sine, ingen vil då bli sjokkerte dersom ho innrømmer at bygdene i den forrykande andreromanen faktisk er Ørsta og Volda. Men dette geografiske flisespikkeriet mitt er utviktig. Det som er viktig, er at Øyehaug har gitt oss andreromanen Undis Brekke. Han er nemleg kankande god.
Men spørsmålet er: Veit vi noko som helst om kva for grønnsak kvar og ein av oss blir overvelda over? Og om vi synest ho er vakker idet ho spring ut i knopp, eller idet ho veltar seg ut og visnar, og om ho er vakker fordi ho er nyttig, eller nyttig fordi ho er vakker, eller ingen av desse kategoriane, om vi berre rett og slett lét oss, innimellom, overvelde av noko vi ikkje kan forklare kvifor vi blei overvelda av? Vil det nokonsinne vere mogleg for oss å stige over denne terskelen som heiter kollegial relasjon, som eigentleg berre er eit ord for ein heilt vanleg relasjon, og vite meir om kva som rører seg bak akkurat denne kroppen og akkurat dette vitet? VIL vi det eigentleg, om vi hadde hatt sjansen? Ville eg hatt glede av å ta eit djupdykk inn i kvar og ein av dykk? Ikkje veit eg.
Blikket me kjenner som Øyehaug sitt eige, dette blikket som ser det alle me andre ser, men som samstundes er i stand til å sjå noko meir, noko anna, finne noko eksistensielt i kvardagslege bagatellar, det er der. Boka er verkeleg morosam, eg ler høgt medan eg les, mange gonger, og eg tenkjer «guri, så fint», det óg, mange gonger. Øyehaug er ein glimrande observatør og ein framifrå formidlar. Mange vil kunne kjenne seg att i Undis, der ho finn seg sjølv returnert til området ho vaks opp i; i møta med tidlegare klassekameratar og lærarar, i den plutselege og kanskje litt ufrivillige reisa som me alle blir teken med på, tilbake i tid, når me oppsøkjer stadene der fortida vår bur.
(…) at eg brukte å sitte med hovudet i vindaugskarmen til tante Alma om kveldane, saman med ein seks-sju novemberkaktusar, og sjå ut, og kjenne ei stor lette ved synet av mørkret og alle dei blinkandelysa frå bilar og hus og gatelykter, og at det var fristaden min, så lenge eg ikkje måtte sjå ansikta til dei som budde i husa, ikkje måtte kjenne på kva det måtte vere dei meinte om meg, eller korleis eg ikkje passa inn, her (det er innbilning, sa tante Alma). Det var paradoksalt: I dagslyset fanst det ei mørk tyngde som gjorde det vanskeleg å vere her, det sat liksom kring bringa, men om kvelden, når det var mørkt, og alle desse lysa som trass alt representerte menneska, blei tende, då var det greitt, då trong eg desse lysa for å vite at eg var her, eg óg. Når menneska blei abstraherte til små lyskjelder som skein i mørkret. Då var dei ok. Og eg var trygg.
Kombinasjonen høg latter og «guri, så fint» gir ein roman som, trass sine knappe 127 sider, omhandlar mellom anna tema som PMS, seksuell legning, slektsrelasjonar, autonomidebatten i litteraturen, smalahove, sjølvmord og bruken av ordet knulle. Kva meir kan eg seie om denne romanen? Jo, antageleg ein heil del (til dømes kunne eg skrive ganske mykje om korleis det, då eg las at romanens verkelege bitch har fått namnet Lena Ramsåg, det nærmaste eg har vore å ha mitt eige namn på ein romankarakter, var som ein stein sokk ned i magen på meg og la seg til der med eit ekkelt glis, og at eg brukte resten av kvelden på å overtyde meg sjølv om at dette er heilt vilkårleg). Men vit dette: Øyehaug har nettopp hoppa etter Wirkola. Då refererer eg til hennar forrige roman Vente, blinke, og dermed ho sjølv, som Wirkola. Også denne gongen hoppar ho til tjue i stil, og landar trygt. Eg avsluttar dermed med konklusjonen om at han må lesast, denne romanen. Så enkelt som det.
Folk kommenterer