Seint i februar reiste eg heim att på ferie. Eg tok eit fly frå Osaka til Seoul, deretter frå Seoul til Paris, så Paris til Oslo. Så køyrde eg 8 timer i bil til heimbygda mi på nordvestlandet. Det var eitt år sidan sist, og eg hadde gløymt korleis det kjennest å akkurat misse ei ferje og vente 40 minutt på neste. Korleis det er å gå på matbutikken og kvar gong møte minst eit halvt dusin menneske ein kjenner. Korleis det kjennest å sjå fjella og kjenne seg sprekkeferdig av stoltheit over fjell og tindar ein aldri eingong har vurdert å klatre opp.
Noko av det fyrste eg gjer kvar gong eg er heime, er å gå på biblioteket og låne ein haug med norske bøker som eg ikkje får tak i i Japan. Norske bøker er dyre, og det kjennest sløsete å be familien min om å sende meg bøker som eg like godt kan låne på biblioteket når eg kjem heim. Eg låner mest nynorskbøker fordi det er det største saknet. Bokmål les eg så å seie kvar dag på ulike norske nettsider, men nynorsk les eg sjeldan. I denne aktive leitinga etter nynorsk litteratur har eg oppdaga mange interessante forfattarar som eg kanskje ikkje hadde lese elles. Til dømes har eg kome over Kristina Leganger Iversen, Gunnhild Øyehaug, Catherine Blaavinge Bjørnevog, Aina Basso og Olaug Nilssen. Særleg den sistnemnde har fått ein stor plass i hjartet mitt.
Eg har vore fan av Olaug Nilssen sidan eg las den briljante Få meg på for faen for eit par år sidan. Historiene hennar handlar ofte om vestlandsbygdeungdommar som flytter til storbyen Bergen for å studere ved universitetet, noko som er svært attkjenneleg for meg, då eg også tok bachelorgraden min der. Denne gongen eg var heime las eg Vi har så korte armar. Ho handlar om ein gjeng ungdommar frå den vesle bygda Skoddeheimen som flytter til Bergen for å studere. Teksten på omslaget gav meg forventningar om ei kjærleikshistorie, men eg vil heller kalle det ein bygdesatire. Dei to hovudpersonane Liv og Ølgjer gjekk på skule saman i heimbygda, og held framleis kontakta i Bergen. Dei prøver begge å finne ut kva for slags folk dei er, i form av eit slags opprør mot bygdebakgrunnen sin. Men som det ofte gjer, ender opprøret opp som ein parodi på seg sjølv. Det er sjeldan eg les bøker som får meg til å humre like mykje som Nilssen sine, og Vi har så korte armar var ikkje noko unnatak. Eg greidde ikkje å dy meg frå å dulte borti næraste person og sitere noko annakvar side, noko som sikkert ikkje gav mykje meining ute av kontekst. Som vanleg i Nilssens romanar, tek historia heilt absurde vendingar og grensene mellom fantasi og røynd er uklåre. Det er langt frå realisme, men det er likevel tatt på kornet. Korleis folk frå utkanten kjemper mot å bli stempla som bygdetullingar, men likevel ikkje greier å lausrive seg frå bakgrunnen sin.
Då eg var student i Bergen forstod ikkje dei fleste kvar eg var frå fordi dei aldri hadde høyrt om staden (og på grunn av mi villeiande dialekt). Ein av mine beste vennar hadde i to år inga aning om kvar i landet eg kom frå, men følte det var for seint å spørje. Etter kvart vart det keisamt å måtte gjenta stadsnamnet igjen og igjen og bli møtt med spørjande blikk, så til slutt sa eg ofte berre namnet på den næraste byen. No som eg bur i Japan – med eit folketal 25 gonger så stort som Noreg – har kjenslene om å vere frå bygda endra seg. For folk her borte er det nemleg noko spanande ved å bu på fjellet og måtte gå ned til fjorden for å ta bussen som går ein gong i timen. Jo lengre det er sidan eg var heime sist, dess tjukkare smørar eg på i skrytet av heimbygda mi. Kanskje har eg sjølv endt opp som ein parodisk figur frå ein Olaug Nilssen-roman?
Bilete: Privat
Folk kommenterer