«Pænga e gratis i dag» sa ein nordnorsk venn av meg, sist laurdag på Garage. «Hauken, ka skjer når pænga e gratis? Boble!»

Delmål, delmål, må dele opp denne boka. Fokusera på arbeidsoppgåvene. I fyrste del av denne føljetongen forklarte eg motivasjonen for å lese heile Thomas Pikettys Kapitalen i det 21. århundre. Det heile fortonte seg som ein lovnad, og eit personleg nyttårsforsett, det kan du lese her. For å fullføre dette prosjektet er det viktig å laga seg delmål. Sjølvsagt tenkjer du, men om ein ikkje skriv ned desse delmåla går vinninga opp i spinninga. Eg har bestemt meg for å bruke ein halvtime kvar dag. I skrivande stund er det sundag 8. februar, og det er omtrent ein time til West Ham spelar mot Manchester United, det er gulrota. No er det er sundagens Piketty-time, min daglege litterære tran. På kvardagane vert det formiddagane som gjeld. Eg skal lese minst ein halvtime kvar dag mellom 10-14.00. Slik må det bli sidan eg byrjar på jobb kl. 15.00. Det er eit håplaust prosjekt å skulle gjere dette på kveldstid, det har eg forstått med ein gong, her må konsentrasjonen vere på topp. Nokre av dykk har oppdaga at det er nesten ein månad siden førre post om mursteinen. Det har vorte ein treig start på dette eventyret, og den skal eg berette om no.

Byrjinga
Forordet er omtrent tolv sider langt, og går som ein draum. Eg nikkar annarkjennande, mens eg les. Kjenner meg smart og tålmodig. Honnør til Kalle Moene som har skrive forordet. Moene forklarar at den økonomiske veksten i land som Kina og India ikkje har så stor innverknad på redusering av fattigdom, slik som naive meg trur. Mange fattige vert ikkje berørt av framgongen, og truleg har ulikskapen i verda aldri vore større enn no.

«Når de ti prosent rikeste i verden tar nesten 60 prosent av verdens inntekter, slik Pikettys tall tyder på, mens de ti prosent fattigste mottar bare litt over en halv prosent av verdens inntekter – må det være litt vanskelig å feire store framganger»

Moene skriv at han meinar den eigentlege økonomiske krisa me har, er sjølve ulikskapen mellom fattig og rik, og bevegar seg vidare med å forklare kvifor. I korte trekk meinar han at: Ulikskap skapar konflikt. Den arabiske våren som starta med opprør i Tunisia har blant anna grobunn i aukt fattigdom, arbeidsløyse og politisk undertrykjing. Dominoeffekten følgjer, opprør sprer seg lett. Ulikskap førar til finansielle kriser. La oss sei eit land har ein liten overklasse som sitt på pengesekken, og samstundes har ein middelklasse som er vane med eit visst forbruk, som får mindre å rutte med. Nokre land freistar å jamne ut utviklinga ved noko titulert «lånt likhet». Grupper som vert liggande etter i inntektsutviklinga får lånefinansiert forbruksvekst. Når ulikskapane aukar går som kjent inntektene opp for dei aller rikaste, mens inntektene til resten stagnerar. Men dei rike må jo fortsatt investera inntektene sine, samstundes ynskjar middelklassen å auka sin levestandard. Dei to gruppene finn kvarandre når middelklassen lånar pengar, mens dei rike fortset å investera. Oppskrift på boble dette! Trur eg, eg er ikkje noko ekspert enda. Og i det eg refererar til desse tinga merkar eg at eg er livredd for å skrive noko feil, eller å konkludera feil. Men på den andre sida er mitt leseprosjekt nettopp å vere eit blankt ark. Det kan hende eg tenkjar noko heilt anna når eg nærmar meg midtvegs.

Det er lov å vere dum og naiv, eg kan lære meir. Ein av grunnane til at Pikettys bok har fått stor merksemd er at me er vane med å lese om kor mange som fell under fattigdomsgrensa, mens Pikettys bok også fokuserar på skilnaden mellom dei som ligg i toppen av inntektsfordelinga. Eit av dei mest interessante punktene eg las om i forordet var Moene som forklarte at fordelinga av inntekt mellom arbeid og kapital i Skandinavia nesten er det same som i USA, men fordi me har ein dobbelt så sjenerøs velferdsstat, og ein sterkare fagbevegelse, vert det utjamna ein del kontra amerikanske tilstandar.

Å lese ærleg
Eg blar meg inn i Pikettys verden med ei barnsleg innstilling om at eg ikkje veit noko som helst. Det trur eg vert min nykkel framover. Slik kan eg også vere ærleg med meg sjølv undervegs, ærleg på det eg ikkje forstår. Å lese ei setning er ikkje berre dét. Eg vil ikkje lese for å pløye gjennom, eg vil kapitalisera på Kapitalen.