Foto frå aasentunet.no

Einar Økland fylte 70 år i starten av 2010. Det vart feira med brask og bram på Litteraturhuset, og ein fullsett sal fekk oppleve ein noko utilpass jubilant sittande midt på scena og ta imot gratulasjonar frå kollegaer og vener. I dag skal vi nøye oss med tre korte dikt, som er passe fine og rare for ein laurdag ettermiddag.
Dei er alle frå samlinga Gull-alder frå 1972.

SNERK

den snerken på hjernen

betyr berre ein ting

min barndoms kakao
har kolna
mens eg var ute og flaug

TULIPAN

pass deg for vasen hugs
du er meir enn stilk

FINT OG FORBANNA

det einaste som er fint på deg
er drøvelen din
den forbanna drøvelen din
og nå skal eg ta den