Når eg er innom bibliotek eller bokhandel, er det dei tjukke bøkene som oftast fangar blikket mitt. Det er dei tjukke bøkene som varer lengst, som gjev meg ein god gjeng personar å lesa om, og dei tjukke bøkene har i tillegg plass nok til å la personane utfolda seg og visa fleire sider av seg sjølv. Det er dei tjukke bøkene som fangar blikket, men det er vel så gjerne dei tynne som får vera med heim.

Eg har eit par skikkeleg tjukke bøker, kjøpt på blandinga av storleik, handling, forfattar, og eg kan like gjerne innrømma med det same at desse bøkene ikkje har vorte lesne – enno. Dei står framleis på leselista, eg ventar berre på den rette dagen. (Og så likar eg å gleda meg til ting, og dei store, fine bøkene er fine å gleda seg til.) Problemet med bøker, tjukke og tynne, er at dei sluker meg vel så mykje som eg sluker dei. Du har høyrt nokon seia om ei bok at dei slukte henne? At boka vart lesen i ein stor jafs? Vel, det kan gå andre vegen òg.

Eg vert slukt av bøker. Nokre gonger er maktbalansen jamn, nokre gonger er det eg som sluker, anten på trass eller på nyfikne, men det kan vel så gjerne vera boka som sluker meg, som får meg til å gløyma tid og rom og grunnleggjande ting som mat, søvn, frisk luft. Dei tjukke bøkene vert vanskelege å gå i gang med, fordi eg aldri veit om eg vert den som sluker eller den som vert slukt, fordi det kan vera upraktisk å vera så oppslukt av handlinga i ei bok at eg har vanskar med å konsentrera meg om ein samtale. Ei bok slukte meg slik at ho påverka måten eg tenkte på, måten eg laga setningar på, eg vart nesten litt stressa av det. Heldigvis var det ei nett lita bok, Naustet av Jon Fosse, og det gjekk greitt over då siste punktum var lese. Det går jo som oftast over, men det er greitt å ha plass til det medan det står på.

Eit døme på ei tjukk bok eg har kjøpt, men ikkje lese, er De velvillige av Jonathan Littell. Her er ei debutbok på over tusen sider, innhaldslista står bak i boka og kapitla har namn frå musikkverda, og det handlar om noko av det mest fascinerande av alt: den menneskelege psyke og kva me vert i stand til å gjera berre gruppekjensla er sterk nok, berre motparten vert tilstrekkeleg dehumanisert, om den vondskapen som ligg mellom menneska berre det vert tilstrekkeleg lagt til rette for det. Om det er emnet for boka (andre verdskrig), storleiken eller mangel på ledige dagar i kalenderen som har gjort at eg ikkje har lese boka, veit eg ikkje, men eg veit at eg ikkje har gjeve opp, eg skal lesa De velvillige, så fort tid og konsentrasjon tillet det.

Ei bok som slukte meg på ein heilt uventa måte, var The Lover’s Dictionary av David Levithan. Med eit heilt anna oppsett for forteljinga enn den vanlege romanen var det opna for ei annleis leseoppleving, men eg kunne ikkje sjå føre meg måten denne boka sneik seg innpå meg og berre vart verande. Det var til og med komfortabelt å leggja frå meg boka eit par timar, eit par dagar, for å kunna betre fordøya det eg hadde lese.

Tjukk eller tynn bok? Eg likar nok best dei tjukke, likar at dei varer lengre og at det generelt er meir av boka. Klart, dette fungerer berre viss det er ei god tjukk bok, og ikkje berre ei tilfeldig tjukk bok. Ulempa er at det vert stadig vanskelegare å ta seg tid til dei store leseprosjekta, sidan eg gjerne vert heilt oppslukt av det eg les. For der er det ingen tvil, eg likar best dei bøkene som klarer sluka meg før eg sluker dei.

Kristin Storrusten

Kristin Storrusten er organisasjonskonsulent i Norsk Bibliotekforening, leser sabla masse bøker og har en mastergrad i litteraturformidling.

Latest posts by Kristin Storrusten (see all)