Sol, seier ho
Ingrid Z. Aanestad
Roman
Oktober, 2013
I Ingrid Aanestad sin fjerde roman blir me kjend med Anna, forteljaren i boka. Ho har kjøpt seg ein gard på staden der ho vaks opp, og gardslivet er perfekt arena for denne romanen. Det er ingen dyr eller diskusjonar om subsidier, men mykje natur, åkrar, ein triveleg, hjelpsam nabobonde, gummistøvlar og ullgenserar; det er nesten så eg kan nesten lukte fraua. Denne «back to basic»-settingen gjer rom også for å kjenne på sitt eige rotfeste, kven ein er og kven ein vil vere saman med, og dei fleste personane me møtar i boka befinn seg midt i denne tematikken. Vel, gjer me ikkje alle eigentleg det? Det er i alle fall lett gjenkjenneleg i Aanestad si framstilling. Romanen befinn seg mellom den vakre naturen og alt som riv og slit i menneskene som bur der, han trekkjer med seg litt frå begge kantar.
Anna skriv masteroppgåve, men mest av alt tenkjer ho på Vasco, som bur i Lisboa. Ho er mykje saman med Judit, barndomsveninna som er åleinemor til Linnea. Medan Anna drøymer om Vasco som ho kanskje kan få, drøymer Judit om legen som hjelpte ho gjennom tøffe tak, som ho nok ikkje kan få.
Heile romanen målast utover lerretet i duse pastellfargar med tjukke, varme penselstrøk, og sjølv om det er vår og sumar, sit eg gjennom store delar av boka med ei kjensle av at det eigentleg heile tida faktisk er haust.
Eg stiller meg i den kalde lufta og ser bort på grantrea som er planta i ei klynge ved nabogarden. Dei er ikkje fine, dei er planta for å gi livd for vinden. Om eg var eit tre, ville eg vore ei lind, lysegrøn og høg. Det skulle vore ein bikube like ved, så biene kunne ha laga lindeblomhonning når eg blømte i juli.
Aanestad har ein eigen måte å trollbinde lesaren på, og oppskrifta hennar fungerer som berre det på meg. Ho skriv samtalar der ein snakkar om vanskelege og kompliserte tema, men utan å dukke under overflata. Me kjem så langt som til at nokon stiller nett det spørsmålet eg vil han eller ho skal stille, men så stoppar det. Anten kjem det ikkje noko svar, eller så snor den me venter på svar frå seg ut or situasjonen. Det at Aanestad unnlèt å gje svara me venter på, opnar for tolking, ein slags gjetteleik for lesaren, ”kan det vere at ho ikkje sa noko fordi…?”
Det er ein ting eg lurer på, seier han. Kva er det som held deg her?
Han sett seg overfor meg att, kastar ei pute bort til meg, eg legg henne i fanget.
Det er ikkje eit fengsel for meg, seier eg.
Denne labyrinten av kryptiske ”forklaringar” stiller ikkje nysgjerrigheita mi, tvert om pirrast ho. Og slik held ho fram, Ingrid Aanestad, der ho legg ut felle etter felle, hint og antydningar, og eg fangast igjen og igjen, les vidare for å finne svara. Det er godt gjort å halde på lesaren når ein svært sjeldan er eksplisitt, men dette beherskar Aanestad, ja misforstå meg rett: dette er ei jakt eg gjerne er med på; Aanestad briljerer som lokkemeister. Stemningane stilen hennar bringar fram skapar ein avhengnad, og eg er ganske sikker på at eg kjem til å lese denne boka om att.
Samstundes som me ikkje heilt veit kva som vil skje, kva som bør skje, me er i byrjinga ikkje heilt sikre på kva hovudpersonane eigentleg tenkjer og føler, får me også bli med på korte reiser bakover i tid; ei moglegheit til å forstå kvifor dei er som dei er. Desse tilbakeblikka er så vakre, og eg vil vite meir, bli endå betre kjend med personane og komme heilt innunder huda deira.
Ein gong, medan eg framleis gjekk på skulen, teikna eg opp ein stor kalender rett på veggen over senga mi, i den markerte eg med eit symbol dei dagane eg verkeleg hadde levd. Dei andre datoane blei ståande med tomme ruter. Det kunne vere små ting som vippa ein dag over, gjorde han verdig eit symbol om kvelden, det kunne vera synet av krøllene i nakken til guten som sat på pulten framfor meg i klasserommet, å sykla gjennom lukta av nybaka brød frå bakeriet i sentrum, at eg retta opp hovudet og sa hei til nokon eg villa seia hei til.
Aanestad er stilsikker, ho har si eiga poetiske, lågmælte stemme. Eg likte spesielt godt Eg kjem med toget (2008), og då eg byrja lese Sol, seier ho, kjende eg med ein gong at det er Ingrid Aanestad eg les, utan at det er noko repeterande eller føreseieleg over det.
Om det endar i eit portugisisk bryllaup med Linnea som brurejente og Judit som forlovar eller om Anna blir verande heime på garden, skal eg ikkje røpe, du må nesten berre lese boka sjølv. Faktisk oppfordrar eg deg til å gjere nettopp det.
Slik en grundig og fin anmeldelse! Jeg har i grunn tenkt på å lese Aanestad lenge, men nå skal jeg definitivt få gjort det. Jeg ser av utdragene du har valgt at hun skriver slik jeg også liker å lese; å få gjette, fylle ut selv og delta. Takk!
Tusen takk, så utrolig hyggelig at du synes det, og så håper du liker boka like godt som jeg gjorde!