Polarheltinner

Sigri Sandberg Meløy

Gyldendal, 2012

bokomslagPolarheltinner av Sigri Sandberg Meløy fortel historiene til sju kvinnelege pionerar innan norsk polarhistorie: Cecilie Skog, Liv Arnesen, Monica Kristensen, Christiane Ritter, Wanny Woldstad, Ellen Dorthea Nøis og Hanna Resvoll-Holmsen. «Kvifor skrive ei bok berre om kvinner?» vil kanskje nokon seie. Ganske enkelt fordi ingen andre har introdusert lesarar for flesteparten av desse kvinnene før. Til dømes er Hanna Resvoll-Holmsen ein pioneer innan norsk botanikk. Då eg snakka om henne til faren min som er utdanna botaniker ved same universitet som henne, hadde han aldri høyrd om henne før. Det var diverre ikkje særleg overraskande. Kvinner har blitt, og blir framleis, skrivne ut av historiebøkene og vi blir fortalt at kvinner ikkje har utretta noko særleg. Så lenge kvinner fortsetter å bli ekskluderte frå historia, finst det alltid eit behov for fleire bøker som denne til å fortelje kvinner og menn at kvinner har gjort mykje modig og viktig opp gjennom historia. Dei som ikkje trur det leiter berre ikkje godt nok. Det kan også nemnast at Wikipedia-artiklane om kvinnene i denne boka er svært korte samanlikna med artiklane om mannlege polarheltar.

417px-Hanna_Resvoll_Holmsen_339171 (3)

Hanna Resvoll-Holmsen

Den første kvinna vi møter i boka er Ellen Dorthea Nøis, kona til ein fangstmann på Svalbard. Ho blei med mannen sin dit for å overvintre ein vinter, og skal ha født eit born aleine i ei hytte midt i ødemarka. Mannen hadde reist for å hente hjelp, og kom ikkje tilbake før fødselen var over. Neste kvinne i boka treng neppe ein introduksjon: eventyraren Cecilie Skog. For dei som bur under ein stein, er ho mellom anna den første kvinna i verda til å bestige dei høgaste toppane på alle dei sju kontinenta. Tredje kapittel handlar om Liv Arnesen som er kjend for sine ekspedisjonar til Antarktis. Ho og amerikanaren Ann Bancroft gjennomførte den første reine kvinneekspedisjonen til å krysse Antarktis-kontinentet. Fjerde kvinne, Hanna Resvoll-Holmsen, var som tidlegare nemnd ein botanikar som gjorde omfattande vitskaplege undersøkingar medan ho budde aleine i eit telt på Svalbard. Ho blir også kalla Noreg sin første naturvernar, og hindra utbygging av fleire naturområde i landet. Den femte polarheltinna er Wanny Woldstad, Nord-Noreg sin første kvinnelege drosjesjåfør (!) og seinare fangstkvinne på Svalbard. Ho gav ut ei bok om opplevingane sine kalla Første kvinne som fangstmann på Svalbard (1956). Nest siste kvinne ut er den kontroversielle glasiologen, polfararen og forfattaren Monica Kristensen. Ho gjorde fleire meir eller mindre mislykka ekspedisjonar til Sydpolen på 80-talet, og fekk stor internasjonal oppmerksemd (på godt og vondt). Det siste kapittelet i boka tilhører Christiane Ritter, ei tysk kvinne som overvintra på Svalbard på 1930-talet og skreiv boka Kvinne i polarnatten om opplevingane sine.

Boka har eit svært tiltalande design, og inneheld mange flotte bilete som illustrerer teksten. Ho er også godt researcha, og det er tydeleg at forfattaren har reist land og strand over heile Noreg for å intervjue folk og finne informasjon. Ofte skulle eg likevel ynskje at forfattaren hadde teke ei mindre aktiv rolle i teksten. Særleg leitinga hennar etter kjelder og reisene hennar dominerer ofte teksten, med unødvendige detaljar om kor ho reiser når for å møte kven. Skrivestilen er dessutan svært munnleg med korte, oppstykka setningar. Ofte måtte eg lese avsnitt om att eller bla tilbake for å forstå kva som føregjekk. Skrivestilen var rett og slett forstyrrande for leseopplevinga, og eg trur ho hadde hatt godt av meir redigering og språkvask. Til trass for dette var boka svært vanskeleg å leggje frå seg, og eg hadde ho med meg i veska overalt eg dro medan eg las ho. Eg vil anbefale boka for lesarar som er interessert i å få eit nyansert bilete av norsk polarhistorie. Sigri Sandberg Meløy har med dette verket vist at Noreg ikkje berre har Amundsen og Nansen å vere stolt av. Noreg er også eit land av barske kvinner som ikkje har latt verken menn eller isbjørnar stå i vegen for dei. Det er difor på høg tid å skrive om den gamle visa:

Mot i brystet, vett i pannen, stål i ben og armer,
ryggen rak og blikket fritt, se det er bra.
Tåle slit og tåle sludd og tåle frost og varme,
slike jenter det vil gamle Norge ha.