No som vi er kome i gang med det nye året, tipper eg det er ein del lesarar der ute som nyleg har teke fatt på leseprosjekt for 2016. Leseprosjekt kan ha mange ulike mål: å lese eit visst tal bøker, å lese bøker om eit visst tema eller frå eit visst område, eller å lese bøker frå ein viss demografi. Mitt leseprosjekt for fjoråret var innan den sistnemnde kategorien: å ikkje lese nokon bøker skrivne av kvite mannlege forfattarar. No som prosjektet er ferdig vil eg dele nokre tankar om korleis prosjektet gjekk og om bøkene eg las. Eg håpar også eg kan inspirere lesarar til å gjennomføre eit leseprosjekt i 2016 eller seinare.

Dette var fyrste gongen eg hadde denne typen leseprosjekt. Tidlegare har eg hatt konkurranse med vener om å lese flest bøker i løpet av eitt år (anbefalast ikkje, det er alt for stressande). Seinare har eg hatt mål om å lese eit visst tal bøker, men eg set vanlegvis målet lågare enn eg veit eg klarer, nettopp for å ikkje stresse meg sjølv. Grunnen til at eg bestemte meg for å ekskludere kvite menn frå lesinga mi i fjor var fordi denne delen av befolkninga ofte er overrepresentert i litteraturverda. Dette blir særleg merkbart om ein liker å lese såkalla «klassikarar» som eg gjer. Det er ofte langt mellom kvinner som ikkje er Jane Austen, Virginia Woolf eller ei Brontë-syster. Likevel er det heller ikkje til å leggja under ein stol at kvite kvinnelege forfattarar har det mykje lettare enn kvinner som ikkje er kvite. Eg tenkte difor at dette leseprosjektet kunne opne augene mine for forfattarar eg ikkje ville ha oppdaga elles. Om det verkeleg gjorde det, er ei verre sak. Det har seg nemleg slik at eg allereie les fleire kvinnlege forfattarar enn mannlege (særleg kvite). Difor tenkjer eg i ettertid at det heller er utfordrande å få meg sjølv til å lese forfattarar som ikkje er kvite, eller forfattarar frå andre stader enn Nord-Amerika, Europa og Japan. Men over til kva eg faktisk oppdaga i fjor.

things fall apartAv afrikanske forfattarar las eg to bøker, begge nigerianske: Things Fall Apart (1958) av Chinua Abeche og Americanah (2013) av Chimamanda Ngozi Adichie. Den første blir sett på som ein klassikar innan postkolonialistisk litteratur. Ho handlar om den hypermaskuline slåsskjempen Okonkwo som blir utvist frå landsbyen sin i sju år etter å ha drepe ein mann. Då han kjem tilbake har dei kristne europearane gjort sitt inntog, og ting tek til å rakne for Okonkwo og samfunnet han lev i. Americanah kjenner nok mange lesarar til frå før. Chimamanda Ngozi Adichie har fått mykje blest dei siste åra takka vere hennar Ted Talk om feminisme, seinare utgitt som boka Vi burde alle være feminister (2015). Om de ikkje allereie har gjort det, anbefaler eg å sjå videoen her, og springe til næraste bibliotek for å finne Americanah.

bad feministNår det kjem til amerikansk litteratur, las eg fire afro-amerikanske forfattarar: Toni Morrison, Roxane Gay, Alice Walker og Ta-Nehisi Coates. Sidan Toni Morrison og Alice Walker er nokre av vår tids største forfattarar var det berre eit spørsmål om tid før eg kom til å lese dei, leseprosjekt eller ikkje. Roxane Gay sin Bad Feminist og Ta-Nehisi Coates sin Between the World and Me er skrive i essayform og tek høvesvis for seg feminisme og rasisme i USA i dag. Sjølv om dei skriv frå eit amerikansk synspunkt, synst eg at dei er like interessante og viktige for oss nordmenn. Sistnemnde skal visstnok kome ut på norsk berre om eit par dagar, hurra!

real worldEg las bøker av 4 asiatiske forfattarar, alle japanske kvinner: Natsuo Kirino, Miyuki Miyabe, Hiromi Kawakami og Sakae Tsuboi. Diverre er ingen av desse hushaldningsnamn i Noreg. Eg vil særleg slå eit slag for Natsuo Kirino, ein av mine favorittforfattarar frå fjoråret. Av henne las eg Real World (2008), Grotesque (2007) og I’m sorry, mama (2004, japansk). Ho skriv spesielt godt om kvinner ute etter hemn, det vere seg på patriarkatet, gamle fiendar eller verda generelt. Miyabe Miyuki er ein populær krimforfattar, og av henne las eg All She Was Worth (1996) som handlar om ein permittert politimann på leiting etter den sporlaust forsvunne forloveden til nevøen. Hiromi Kawakami har nyleg blitt introdusert på den norske marknaden gjennom Merkelig vær i Tokyo (2015). Boka eg las av henne i fjor var derimot ei engelsk utgjeving kalla Manazuru (2010) som eg fann på Tronsmo i Oslo (shoutout <3). Manazuru handlar om ei kvinne som prøver å løyse mysteriet om kor ektemannen hennar forsvann for tolv år sidan. Sistnemnde forfattar Sakae Tsuboi sine bøker er diverre ikkje tilgjengelege på norsk, men eg meiner at antikrigsromanen hennar Twenty-Four Eyes (1954) kunne ha vore interessant for eit norsk publikum. Ho handlar om ein ung lærar og dei første tolv elevane ho underviser, og følgjer liva deira i ei lita japansk bygd frå før andre verdskrig og tjue år framover. (Filmatiseringa av boka har også blitt ein japansk klassikar.)

I år har eg bestemt meg for å ikkje ha eit leseprosjekt for å ta ein pause etter i fjor. Det er trass alt fleire kvite mannlege forfattar eg har gleda meg til å lese bøkene til når prosjektet var over. Det er også slitsomt å heile tida måtte vere så bevisst når ein kikar i ein bokhandel eller på biblioteket. Neste gong eg bestemmer meg for å gjennomføre eit leseprosjekt, har eg tenkt å gjere det litt annleis. For det første vil eg lage eit mål som er definert positivt, ikkje negativt. Å ikkje lese, eller å lese ingen av noko, høyrest rett og slett ikkje så fint ut tykkjer eg. Dessutan, ved å definere kva ein skal lese finner ein kanskje fram til meir konkrete mål. Det kan også vere ein god idé å bestemme seg for å lese eit visst tal bøker innanfor visse kriterie. Eit mål om å lese berre eller ingen er mykje vanskelegare å gjennomføre enn eit mål om å lese til dømes 5 bøker.

Her er nokre forslag til leseprosjekt:

  • Å lese x tal bøker totalt
  • Å lese x tal bøker frå kvar verdsdel
  • Å lese x tal bøker som har kome ut i år
  • Å lese eit heilt forfattarskap
  • Å lese x tal bøker på nynorsk
  • Å lese x tal debutantar
  • Å lese like mange kvinnelege som mannlege forfattarar
  • Å lese x tal diktsamlingar

Har de nokon leseprosjekt i år, lesarar?

Ingvill Kjærstein

23 år gammal og studerer japansk litteratur i Japan. Har som mål å greie å lese bøker på så mange språk som mogleg.

Latest posts by Ingvill Kjærstein (see all)