jakob og neikob

 

Jakob og Neikob og det tomme rommet
Kari Stai
Biletbok
Samlaget, 2014

 
I serien Barna og litteraturen har me no kome til optimisten Jakob og pessimisten Neikob, den moderne norske barnelitteraturens rockestjerner. Jakob er han som alltid smilar, Neikob han med konstant nedovermunn. Då eg las at Kari Stai hadde skrive ei ny bok i denne serien, vart eg like begeistra som barnehagebarna vart då eg eit par veker seinare viste dei sjølve boka. Det var som eg faktisk hadde med ei vaskekte rockestjerne inn i samlingsstunda. «JAKOB OG NEIKOOOOOOOB! JAKOB OG NEIKOOOOB! Jaaaaja, me må lese ho nooo!»
Eg overdriv ikkje, kors på halsen! Barna elsker verkeleg desse to kompisane.

For dei som ikkje allereie er med i fanklubben: Jakob og Neikob er bestevener, sjølv om Jakob alltid seier ja og Neikob alltid seier nei. Der har du eigentleg konseptet. «Den enkle er ofte det beste»  seier ei matvarekjede som i likskap med forfattaren (og meg) kjem frå midten av landet vårt. Bok nummer tre om Jakob og Neikob dreier seg i stor grad om at dei vil finne ein sambuar som kan flytte inn i det tomme rommet på loftet i huset deira.

Ved første gjennomlesing tek eg med meg ein god gjeng fireåringar opp på biblioteket, og når ordet sambuar kjem opp i teksten, spør eg om dei veit kva ein sambuar er. Mange hender fyk i vêret.

– Eg har sett ein sambuar! På butikken var han! Han låg på ei hylle der, og han var litt lilla liksom! ropar Sanne.
– Sambuarar bur i skogen, slik bjørnar gjer, seier Frans.
– Eg har ein sambuar heime. Fleire faktisk. Dei ligg i skuffa mi i den store kommoden, fortel Hans.

Ålreit, då begynner me med å klargjere kva ein sambuar er. Så fort det er etablert, er det litt lettare å forstå.

Om natta synest Jakob og Neikob at det er skummelt med det tomme loftet.
– Søv du også dårleg om natta, Neikob? spør Jakob.
– NEI, svarer Neikob. – Eg søv ikkje i det heile.
– Vi treng ein sambuar, seier Neikob.
– JA, svarer Jakob. – Kva er ein sambuar?
– Nokon som kan bu på loftet, svarer Neikob.
– JA, svarer Jakob. – Du er lur, Neikob.
– NEI, eg er kjempelur, svarer Neikob.

Kari Stai sitt univers er interessant for både barn og vaksne, mykje takka vere språket i teksten hennar. Innlysande, tenkjer du kanskje, men det er ikkje alltid teksten i desse biletbøkene er like spenstige, noko som jo óg er deira fulle rett, biletbøker som dei trass alt er. Jakob og Neikob og det tomme rommet er i tillegg til å vere underhaldande, også svært godt egna for å oppdage det leikande i språket.

Tyven har vore ein populær karakter i dei tidlegare bøkene om desse to karane, men er ikkje med denne gongen. Karakteren Tyven er eit høve på korleis Stai får moral og etikk med i bøkene, gjennom å personifisere dei dårlege valga, vise oss kva ein ikkje skal gjere gjennom ein skummel fyr som faktisk heiter Tyven, inkluderer ho moralen og etikken uten at dei blir tredd nedover hovudet på oss. Me kan sjølv snakke om det hvis me vil. Og i barnehageverda, som jo består av mange regler for kva ein kan og ikkje kan og skal gjere, er det óg mange moralens vaktarar, spesielt i teorien, så me bruker mykje tid på å snakke om kva som er greit og ikkje, korleis me kan vere ein god venn osv. Denne gongen blir Jakob og Neikob sjølve del av sitt eige moralske dilemma. I denne boka blir nemleg Jakob og Neikob ueinige, og går frå å vere bestevener til å bli verstevener.

– Kva er verstevener? spør Janne.
– Uvener, kjem det raskt frå Hans. – Då eg og Knut sless om legoflyet, då vart me uvener. Då prata eg ikkje med han og han laga ekle grimasar til meg, sa at eg var dum og sånn. Eg seier aldri at nokon er dumme, då kan dei bli lei seg. Så eg sa heller «hei Knut, skal me ikkje heller vere vener?» Og då så Knut «ok».
– Så fint at dykk fekk ordna opp, seier eg.
– Eg og Janne har óg vore uvener ein gong. Hugsar du det, Janne? seier Hanne.
Janne nikkar, med eit alvorsprega uttrykk i andletet.
– Men så fekk du jo det klistremerket hjå meg, med sommarfugl på, hugsar du det? seier Hanne.
– Ja, det var eit veldig fint klistremerke.
– Trur dykk Jakob kan gi Neikob eit klistremerke slik at dei blir vener att? spør eg.
– Les vidare då, Lena, så vi får høyre korleis det går!

Unnskyld at eg sa at du laug, seier Jakob – Du er jo den beste venen i heile verda.
– NEI, svarer Neikob. – Det er det du som er, Jakob.
– JA, svarer Jakob.

Sidan den dagen har eg lese denne boka omtrent kvar gong eg har spurt om me skal lese ei bok. Me har og brukt boka i samlingsstund med heile gruppa, som består av 24 barn mellom 2 og 4 år.  Entusiasmen for desse karane vil ingen ende ta. Og eg ser heller ingen grunn til at han skal eller bør gjere det.

Lena Ramberg

Tar en bachelor i internasjonal kommunikasjon.
Går mest av alt og venter på at en eller annen onkel Skrue skal ta denne redaksjonen under sine gullkantede vinger og faktisk betale oss for å skrive om litteratur, slik at vi kan gjøre det på fulltid.

Latest posts by Lena Ramberg (see all)