Ingvill, jente med langt hår, som holder en frityrstekt noe på pinne foran japanske husHvordan kommer noen på at de skal anskaffe seg alpakkaer i Finnmark, besøke alle nasjonalparker i Norge eller studere på andre siden av jorden? Hvordan ender du opp med å forske på finske feminister fra mellomkrigstiden, ungarske pronomen eller fortellertradisjoner? Folk som gjør uvante valg har alltid fascinert meg. Særlig fordi jeg lurer på hvordan de i det hele tatt kom på disse tingene. Ikke rart jeg ble nysgjerrig på hvordan man ender opp som litteraturstudent på andre siden av kloden at jeg valgte å intervjue Ingvill fra redaksjonen.

Kort: Hvem er Ingvill?

Eg er ein 23 år gammal student i Japan som er interessert i språk og sjølvsagt bøker. Jeg prøver alltid å plukke opp nye språk sjølv om eg ikkje har tid til slikt. Studerer moderne japansk litteratur med fokus på kjønn. Har klare tankar om kva slags verd eg vil leve i, og kan vere sta når folk utfordrar dette verdsbiletet.

Du tar en Master i Japansk Litteratur i Osaka, men hvordan endte du opp der?

Då eg gjekk på vidaregåande reiste eg på utveksling til Japan for første gong. Eg vart plassert hjå ein familie i Osaka som raskt blei som ein ekte familie for meg. Familien og vennane eg har i området var ein stor del av grunnen til at eg ville tilbake då eg skulle bestemme meg for kvar eg skulle ta masteren min. Som Japan sin nest største by har Osaka mykje rivalisering med hovudstaden, som minner meg om studietida mi i Bergen.

Hva gjorde deg interessert i japansk språk? Når begynte det?

Eg har alltid vore glad i skulen og interessa for japansk starta også der. Då eg gjekk på barneskulen hadde vi prosjektarbeid om dei ulike verdsdelane, og eg hadde framføring om Japan for klassa mi. Etter det byrja eg å leite etter lærebøker i japansk språk, men det var så å seie umogleg å oppdrive på Sunnmøre. Det første læremateriellet mitt var ein kassett på dansk.  

Virkelig, en dansk kassett? Hvordan syns du det gikk?

Relativt dårleg, eg gav raskt opp. Eg hugsar berre at mannen på kassetten hadde ekstremt aggressiv uttale.

Hva er det mest krevende med å studere i Japan?

Det mest krevjande er at eg alltid prøver å vere like «flink» som japanarane. Det er jo sjølvsagt at eg ikkje greier å leve opp til dei same krava på eit språk som ikkje er morsmålet mitt, men eg har vore her sopass lenge no at eg føler at å vere utlending ikkje er nokon unnskyldning. Dette gjeld også arbeidsvaner; her er det vanleg å vere på universitetet frå morgon til gjerne 20-tida om kvelden. Japan er også mykje meir urbant enn Noreg og kvardagen har høgare tempo, så når det blir for mykje treng eg tid til å vere åleine og sysle med mitt. Det kan verke rart for folk rundt meg som har vekse opp med ein stappfull kvardag.

Hva er det morsomste med å studere i Osaka?

Med fare for å vere klisjéfylt, det morosamaste er nok å vere rundt så mange menneske frå ulike land. Nesten alle vennane mine er frå ulike land her.

Hva savner du mest hjemme? Og hva klarer du deg godt uten?

Eg saknar dei norske årstidene, spesielt den lyse sommaren og den mørke vinteren. Her i Japan går sola ned til ein fornuftig tid heile året. Ein ting eg klarar meg utan er presset om det perfekte livet som eg kjenner på når eg er heime i Noreg. I Japan er det sjølvsagt også eit slikt press, men eg slepper mykje av det fordi eg er utlending.

Hvordan gikk du frem for å søke masterstudier i Japan?

Eg søkte om MEXT-stipend gjennom Den japanske ambassaden i Oslo. Det er ikkje mange som kjenner til denne ordninga, så eg vil tilrå folk om å søke!

Hva er dine tips til andre som ønsker å studere i Japan?

Ikkje høyr på folk som seier at det er umogleg å lære seg japansk. Det krevst berre at ein legg inn innsats som med alle andre språk. Eit anna råd er å lære seg å legge merke til stereotypiane som finst om det japanske samfunnet, og ikkje la dei styre korleis ein tenkjer om Japan (og om Asia generelt). Det er lett å reise heim til Noreg og seie at alle japanarane er slik og slik, men det lærer ingen av.  

Har du noen generelle tips til studenter som ønsker å finne studier i utlandet?

Berre reis. Uansett kvar du reiser, prøv å lære språket om du har tid. Sjølv om det kan vere freistande, ikkje end opp i ein gjeng av utvekslingsstudentar som berre klagar om vertslandet. Skaff deg vennar både frå vertslandet og andre land som kan lære deg om ulike perspektiv.

Hvilken bok mener du bør oversettes fra japansk slik at flere får glede av den?
Haha no hattatsu av Shono Yoriko, ei sær bok der ei dotter prøver å drepe mora si og mora blir forvandla til eit monster. Eg skulle også ynskje at fleire av romanane til krimforfattaren Kirino Natsuo hadde blitt omsette til engelsk eller norsk.

En kopp ved siden av en bok på en lesesal.