jackson_shirleySom born var eg besatt av å lese om det overnaturlege. Kvar gong eg var med mor mi på biblioteket ville eg springe mot Leseløve-avdelinga og plukke ut alle dei nye svarte bøkene, for det var dei skumle bøkene. Då eg blei for gammal for Leseløve-bøker og andre «barnslege» grøssarar,  visste eg ikkje lengre kvar eg kunne få tak i gode skumle historier. Grøssarfilmar var eg ikkje glad i å sjå, fordi det var mykje meir intenst og ekkelt enn å lese. Eg slutta dermed å oppsøke skumle historier, og glei raskt inn i eit liv fritt for spøkelser og monster.

Då eg for første gong oppdaga ein Shirley Jackson-roman i eit nedstøva bibliotek i Kyoto i fjor, var det første gang på mange år at eg plukka opp ein grøssar. Forfattarnamnet ringte ingen bjeller, men tittelen aleine var nok til å overtyde meg om å gi boka ein sjanse: We Have Always Lived In the Castle. Boka opnar slik:

«My name is Mary Katherine Blackwood. I am eighteen years old, and I live with my sister Constance. I have often thought that with any luck at all, I could have been born a werewolf, because the two middle fingers on both my hands are the same length, but I have had to be content with what I had. I dislike washing myself, and dogs, and noise. I like my sister Constance, and Richard Plantagenet, and Amanita phalloides, the death-cup mushroom. Everyone else in our family is dead.»

Boka fortel historia til dei to eksentriske systrene Merricat og Constance Blackwood som bur saman med den gamle, sjuke onkelen deira i eit stort hus. Vi får vite at resten av familien døydde i eit mystisk uhell med arsenikk i sukkerskåla for seks år sidan. Etter ulukka har storesystra Constance – som hadde ansvar for desserten den sjebnesvangre dagen, men som blei frifunne for mord – nekta å forlate huset. Det er difor opp til lillesystra Merricat å vere bindeledd mellom huset og omverda. Ho nærer eit sterkt hat mot landsbybyarane, og ho går berre ut av huset når det er absolutt nødvendig. Når fetteren deira Charles dukkar opp på døra ut av det blå, føler Merricat at det trygge livet i huset er truga, og ho ser seg nøydd til å ta grep for å vinne tilbake freden i huset. Det er lite ubehageleg eller overnaturleg som faktisk skjer i romanen, men Jackson har ei evne til å skildre daglegdagse hendingar på ein ubehageleg måte, som Merricat sine turar inn til landsbyen.

9780141191447Jackson sin kanskje skumlaste roman er horrormeisterverket The Haunting of Hill House (1959). The Haunting of Hill House er ei rein spøkelseshistorie, og blir sett på som ein av klassikarane innan horrorsjangeren. Ein akademiker med ein kjærleik for det overtruiske bestemmer seg for å leiga eit heimsøkt hus kalla Hill House. Han vil ha med seg eit team for å føreta «vitskaplege» undersøkingar og bevise at spøkelser verkeleg eksisterer. Med seg på laget har han med seg to unge kvinner med erfaring med det overnaturlege, Theodora og Eleanor, og arvingen til huset, Luke. Saman skal desse fire tilbringe ein sommar i det avsidesliggjande huset og måle den paranormale aktiviteten. Som forventa, byrjar snart ubehagelege ting å skje. Det smeller i dører, det dukkar opp blodig skrift på veggane, og på nattestid er det nokon som går i gangane og prøver å ta seg inn på romma der gjestane søv. Etter kvart som tida går byrjar gjestane i Hill House å tvile på kvarandre. Kven det er som står bak dei urovekkande hendingane i huset: er det heimsøkt, eller er det gjestane sjølv som prøver å skade kvarandre?

20362391Eit av Jackson sine mindre kjende verk er Hangsaman (1951). Det var laust inspirert av forsvinninga til ein ung universitetsstudent nær heimstaden til Jackson. Historia handlar om 17 år gamle Natalie, og skildrar overgangen då ho flytter vekk frå familien for å gå på universitetet. Det tek litt tid å koma seg inn i handlinga, og historia har ei mindre tydeleg raud tråd enn dei tidlegare nemnde romanane til Jackson. Mykje av historia føregår i hovudet til Natalie, og vi får innblikk i einsemda og forvirringa hennar over den nye verda ho har blitt ein del av (eller prøver å bli ein del av). Historia er full av karakterar som ikkje vil andre vel, som foreldra hennar, professoren og studiekameratane hennar. Det er også ein tjuv på campus som stel frå studentane sine rom, og historia byggjer seg opp til eit klimaks der identiteten til tjuven blir røpt. Ein får ei sterk kjensle av at ingen er til å stole på i Hangsaman. Eg vil ikkje røpa meir av handlinga fordi ho er så full av uventa vendingar, men lesarar er garanterte ein merkeleg, ubehagelig og ekkel oppleving.

Det som gjer Jackson til ein så spesiell forfattar er evna ho har til å knytta saman det overnaturlege med psyken til karakterane sine. Hovudpersonane er ofte unge, usikre kvinner som føler seg annleis enn menneska rundt seg, og dermed har hamna utanfor samfunnet. Dei er også kroneksempel på «unreliable narrators» som det heiter på godt norsk, fordi deira eigne oppfattingar av verkelegheita står i sterk kontrast til dei andre karakterane si verkelegheit. I Jackson si verd kan ein ikkje stola på nokon, og det er best å sove med eitt auge ope. Det ligg også ein krass samfunnskritikk i historiene hennar, særleg mot fleirtalet sitt tyranni mot mindretalet. Novella hennar The Lottery, publisert i The New Yorker i 1948, blei forbudt i Sør-Afrika fordi dei tolka historia som ein kritikk av det dåverande apartheid-regimet. Jackson sin reaksjon skal visstnok ha vore ho var glad for at dei forstod historia. Eg vil difor påstå at Jackson er mykje meir enn ein grøssarforfattar; ho peikte på ubehagelege og uhyggjelege fenomen i samfunnet og gav det att det i historiene sine i ein ekstrem form. Eg har berre eit problem med Shirley Jackson: dei tilsynelatande uskuldige omslaga gjer det vanskeleg å finne dei. Om dei berre hadde hatt svarte omslag som Leseløve-bøkene hadde eg kanskje opppdaga dei for mange år sidan.