ivar1Historia om Ivar Aasen

Ottar Grepstad

Samlaget, 2013

Når direktøren i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad har skrive bok om Ivar Aasen, kjem det vel ikkje som ei bombe på nokon at det er ei lovprising av nynorsken sin far som ventar oss. Det var eg førebudd på. Eg skal innrømme at eg hadde førestilt meg ei traust og litt langdryg forteljing der eg måtte bla litt hit og dit (ber om orsak, Grepstad). Der tok eg sjølvsagt feil så det song etter. Grepstad skriv underhaldande og godt, og med ein humoristisk og særeigen snert som eg meiner gjer boka lesverdig for absolutt alle.

Eit eksempel på Grepstad sin originalitet er måten han har delt inn kvart kapittel på. Her er ikkje kjedelege tall og matematisk inndeling eller formelle, gjespframkallande kapitteltitlar. Nei, skriv me om ein språkets far så skal dette speglast på alle tenkjelege vis, og slike små grep gjer at eg applauderer medan eg les.

Nokre av mine kapittelfavorittar:

”I al min Travelhed”
Ivar Aasen har stått tidleg opp og lurer på
kva han skal gjere for å få gjort alt han har tenkt

 

Reisene gjennom språket
Han reiser gjennom det norske språket i 27 år,
men går lei etter to

 

«Dette forunderligste lille Væsen»
Ivar Aasen sluttar med ei von, meinar han har fått
gjort for lite, og endrar den norske framtida

Grepstad fortel om ein Ivar eg ikkje har møtt før, ein audmjuk og beskjeden kar. Kan ein då verte ein grepa språkforskar? Ein må vel då trass alt prate med folk, forsøke å komme innunder huda deira slik at ein verkeleg ser kva for språk dei eigentleg nyttar? Fordi han lukkast med nettopp det, forstår me gjennom denne boka kor mykje dette betydde for Ivar. Han gjekk ut av sitt gode, forsiktige skinn og inn i rollen som pratsam.

Med andre ord og fleire sider blir det eit anna liv. Liv og skriv heng tett saman, ofte også liv og diktning, men Aasen dikta lite sjølvbiografisk og framstilte seg helst i små bokstavar.

Samstundes med at me følgjer Ivar på hans ferd mot nynorsken, forklarer Grepstad oss òg eit og anna om samtida han levde i. For ein som meg, som ikkje er hundre prosent stø i historie (kremt), er dette ei gåve frå oven (eller rettare sagt frå Samlaget). Med fakta sett i samanheng med notida blir det både underhaldande og lettare å hugse denne nye lærdommen.

Ivar Aasen blei fødd i eit land med om lag 900 000 innbyggjarar og døydde i eit land med 2,3 millionar menneske. Då hadde nær 600 000 nordmenn utvandra. Ni av ti nordmenn budde på landsbygda då han blei fødd, vel seks av ti då han døydde, mot to av ti i dag.

Grepstad skriv om ein audmjuk kar med eit stort hjarte for språket, og korleis han heile livet arbeidde for å nå dei ambisiøse måla sine. Om du som meg kjempar for nynorsken eller ikkje, kan du nok ende opp med å like denne boka. For Grepstad bruker ikkje boka til å overtyde lesaren til å byrja nytta nynorsk som hovudmål, det er ikkje nynorskpropaganda og sniknynorskifisering dette – det er historia om ein norsk helt. Ein stressa helt. Stressa fordi han visste at han aldri ville komme i mål med prosjektet sitt. Og det menneskelege med denne historia er det som har gjort inntrykk på meg, og som gjer at eg anbefaler ho vidare.

Eg synest avslutninga på slike biografiar fort kan bli anten alt for pompøse eller alt for formelle, men også her visar Grepstad fram den solide forståinga som må vere til stades for å kunne skrive ein så god biografi.

(…) på skrivebordet til Ivar Aasen, mellom glas og stål, eik og betong, ligg den bunken med skrivepapir han ikkje rakk å bruke, det som skulle fyllast med eitkvart han hadde tenkt, dei blanke arka ligg der, så kan dei fyllast i tanken, som dei blanke arka kvar og ein kan skrive på med eigne tankar, i sitt eige språk, når som helst og kvar som helst.

Heia Ivar, heia Ottar, heia nynorsken!