5951279606_5cefa48bff_oNawal El Saadawi (f. 1931) er ein egyptisk feministisk forfattar, lege, psykiater og kvinnerettsforkjempar. Ho var leiar av helseutdanninga i Egypt, men mista jobben på grunn av hennar bøker om kvinner sitt seksualliv og kamp for frigjering. Ho vart også kasta i fengsel på grunn av regimekritikken hennar, men slapp fri då dåverande president Anwar Sadat vart myrda. Nawal El Saadawi flykta etter kvar frå landet og budde fleire år i USA, men bur no i Egypt att. Ho kjemper framleis for kvinners rettar, og særleg mot kjønnslemlesting.

Romanen Firdaws – En kvinne på nullpunktet (1985) skreiv Saadawi etter å ha vitja eit fengsel der ho møtte den dødsdømde kvinna Firdaws. (Dette var før ho sjølv vart fengsla.) Sjølv om boka kallast ein roman, understreker forfattaren både i forordet og i første kapittel at Firdaws var ei ekte kvinne av kjøtt og blod. Grunnen til at boka likevel kallast ein roman kan vere fordi forfattaren har teke seg visse fridomar, men det blir aldri forklart. Dette blir endå meir uklår i og med at eg-personen i første kapittel er ein lækjar og psykiater interessert i å lære om fangane i eit fengsel (som var nettopp korleis Saadawi møtte Firdaws). Ho blir nyfiken på kva slags kvinne som er i stand til å drepe ein mann, og ber om å få møte henne. Firdaws avslår henne kvar gong, og forteljaren er i ferd med å gi opp då ho endeleg får eit ja; dagen før Firdaws skal avrettast. Firdaws har bestemt seg for å fortelje henne livshistoria si, og frå andre kapittel tek ho over som eg-person.

FIRDAWS (1)Livet hennar starter som fattig bondejente med ein tyrannisk, valdeleg far og ei mishandla mor. Mora føder born etter born som døyr av svelt:

Når det var en pike som døde, spiste far middag, mor vasket føttene hans, og han la seg til å sove slik han pleide hver kveld. Når det var en gutt som døde, slo han mor, deretter la han seg etter å ha spist middag.

Firdaws lærer seg tidleg å frykte alle menn, ikke berre faren. Ho blir utsett for ekle blikk frå vaksne menn allereie som lita jente. Då onkelen hennar kjem på besøk frå Kairo, forgriper han seg på henne. Firdaws skildrer opplevinga som om ein del av henne forsvinner, for aldri å kome tilbake. Likevel representerer onkelen eit håp for Firdaws. Kvar gong han er på besøk, tigger ho han om å ta henne med til Kairo så ho kan gå på skule. Når foreldra hennar døyr får ho endeleg oppfylt draumen sin. Onkelen tek henne med til Kairo og skriver henne inn på skulen. Det opnar ei heilt ny verd for Firdaws. Ho fordjuper seg i studiene sine og byrjer å drøyme om å bli president (sjølv om ho veit at kvinner ikkje blir presidentar). Ho opplever også si første forelsking då ho utvikler kjensler for ein av sine kvinnelege lærarar. Då ho blir ferdig på skulen brest bobla. Onkelen nekter å sende henne vidare til universitetet fordi det ikkje sømmer seg for kvinner, og ho blir i staden tvangsgift med ein vond, gammal mann. Han valdtek og slår henne til ho til slutt rømmer. Dette blir eit mønster i livet til den unge kvinna: Kvar gong ho rømmer frå ein overgripar, venter ein ny rundt neste sving. Etter kvart byrjer ho å ta betalt for sex, og ho føler endeleg ho har kontroll over kroppen sin og livet sitt. Likevel er ho fullt klar over at ho aldri hadde noko anna val:

Jeg er egentlig ikke prostituert, men min far, min onkel og min ektemann lærte meg opp til å bli det.

Som prostituert kan ho velje kven ho vil liggje med til kva pris. Det hindrar likevel ikkje menn i å prøve å bestemme over kroppen hennar. Det er ein av desse mennene som fører henne til å gjere mord i klimakset av boka. Idet ho endeleg tek motet til seg og slår tilbake mot ein overgripar, blir det også hennar undergang.

Firdaws
 er ei rask bok å lese, då ho berre er omtrent 150 sider lang. Likevel er det ein av dei vondaste bøkene eg har lese, fordi eg visste at historia i grove trekk var ekte. Det raske tempoet understreker kor mykje urett som blir gjort mot hovudpersonen. Før ein rekk å fordøye ein urett, skjer den neste. Skrivestilen er svært personleg og intim, og vi får ofte innblikk i kva Firdaws tenkjer og føler.

Boka handlar først og fremst om valdtekt og effekten det har på psyken, men tek også for seg kjønnsdiskriminering i arbeidslivet, kjønnslemlesting og prostitusjon. Djupast sett er er temaet kvinneleg opprør. Korleis kan kvinner gjere opprør mot patriarkatet, og kva fører det til? Firdaws vil bli fri frå mennene som prøver å eige henne og kroppen hennar, og ho meiner at den einaste måten ho kan bli fri på, er å drepa og bli drepen:

Det er bedre at jeg dør på grunn av min egen forbrytelse, enn at jeg faller som et offer for deres.

Nawal El Saadawi gjer ein beundringsverdig jobb i å bringe vidare historia til kvinna ho møtte i fengselet. Takka vere henne, lever historia om Firdaws vidare og vekker sorg og harme blant lesarar over heile verda. Firdaws ga meg lyst til å lese fleire av Saadawi sine bøker, og nest på lista mi står Imamens fall (1991).

Ingvill Kjærstein

23 år gammal og studerer japansk litteratur i Japan. Har som mål å greie å lese bøker på så mange språk som mogleg.

Latest posts by Ingvill Kjærstein (see all)