VENTING

Eg legg meg seint
ventar på ei slags stille
som aldri kjem tidleg
ventar på konsentrasjonen og merksemda i den
seine timen
den glødande og nakne timen
Det er då speglane tenner sitt andre skin
det er då du ser tomrommet teikne seg
det er då du brått får auge på
di eiga hand som ligg roleg på bordet

Det er då du ser stilla passere

Ho finn leia på urgammal og høgtideleg vis

Sophia de Mello Breymer Andresen

Latest posts by Hanne Gideonsen (see all)