Tonje Glimmerdal
av Maria Parr
illustrert av Åshild Irgens
Samlaget 2009

Det luktar kvalitet frå første side i Maria Parr si nye bok, Tonje Glimmerdal. Ikkje berre sånn kvalitet som vi vaksne liker, men ordentleg morosam kvalitet med ein liten dæsj galskap. Særleg er eg litt forelska i språket i boka, som tar opp i seg det barnlege utan at det blir noko mindre godt av den grunn.

Det er viktig å synge når ein står på ski. – ”Per Spelmann han hadde ei einaste kuuuu!” Ho krøkar seg saman med hendene framfor seg og bøyer hovudet for å få mindre luftmotstand. – ”Han bytte bort kuuuuua fekk fela igjen!” Kanten på hammaren vert større og større. Tonje kjenner at no må ho synge høgt om ho ikkje skal angre seg noko grusomt.

Tonje er einaste barn i Glimmerdalen – ein roleg, litt sidrumpa plass i beste nasjonalromantiske ånd. Alle kjenner alle, og både dyr og menneske lever i harmoni. Det er som om det skulle vore klippa ut av eit vekeblad frå 1960-talet. Men sjølvsagt finst det eit unntak, nemlig Hagen med helsecampingen. Hagen liker ikkje barn og er av dei som trur at pengar har alt å seie i verda. Det er ikkje Tonje einig i:

Det er heimar og venner og pappaer og mammaer og felespeling og fjella og elva og havet som stig som er viktig.

Bestekameraten til Tonje heiter Gunnvald og er 74 år. Dei to finn på galmorsomme ting saman, som til dømes å holde rattkjelke-testløp. Dessutan seier Gunnvald at ein ikkje skal høyre på det sinte camping-Hagen seier. Men ein dag får Gunnvald eit brev som endrar alt. Og når Gunnvald hamnar på sjukehuset og Hagen bestemmer seg for å byggje ut hyttefeltet sitt, vaknar sinnet og tiltakslysten hos Glimmerdalens vesle dunder. For Tonje er verkeleg ei lita kruttønne, og ho kan verte frykteleg sint. Jenta med dei raude krøllane står for gode, trauste verdiar og har ei sjel som speglar den norske naturen. Vill og modig er ho eit strålande eksempel for dagens ungjenter:

– Ein treng to ting her i livet, bruker tante Eir å seie. – Fart og sjølvtillit.

Skal ein no trekke parallellar, og det skal ein jo helst så ofte ein orkar, så peker boka seg ut som arvtakar til både Astrid Lindgren, Anne Cath. Vestly og Ingvar Moe. Miljøet liknar det ein finn i bøkene om til dømes Mormor og Lillebror og Knerten, tematikken og den sterke personen Tonje har heilt klare trekk til felles med Pippi, medan språket er akkurat like godt og engasjerande som i Moe sine bøker om Oldemor. Maria Parr har gjort det meste riktig. Boka tar opp tema som kan vere vanskelege for barn å forstå, på ein god og trygg måte, samstundes med at det aldri blir keisamt. Slutten på boka grenser til det poetiske, og eg finn han direkte vakker. Tenk at slikt er mogleg i ei barnebok, du! Illustrasjonane, språket, handlinga – alt stemmer i Tonje Glimmerdal. Eg seier ja til fleire barnebøker av denne kvaliteten. Les boka sjølv eller høgt for eit barn; eg trur alle vil like ho. For Tonje Glimmerdal kjennast allereie som ein klassikar, og vi har nok ikkje hørt det siste frå Maria Parr. Heldigvis.