VINTERSTORM
Å, lat det bura, å lat det braka,
lat huset riste og tufti skaka!
Lat brotna allting som brotna kan!
Det døyver tankane litegrand.
Um stormen tok både hus og hytte –
det vart eit bel då eg mindre sytte;
Um jordi gav seg i djupe grunn, –
då fekk eg gløyma ei liti stund.
Um sky datt ned som på himlen flakkar,
um havet braut yver alle bakkar,
ja um all verdi seg søkkte ned, –
so vart det slutt og so vart her fred.
– or Haugtussa (1895)
Latest posts by Kristin Storrusten (see all)
- Podkast: Kan du signere puppen min? - 14. juni 2015
- Litteraturpodkast fra Litteraturfestival - 29. mai 2015
- #bokpod 20: Med Jenny Jordahl - 8. mai 2015
Eg skal lese meir Garborg i sommar.
Hei det er bra dikt