Aina Basso debuterte med barne- og ungdomsboka Ingen må vite i 2008. Til høsten kommer hennes andre bok, men første voksenbok Fange 59. Taterpige. I arbeidet med sin nye bok har Aina Basso blogget aktivt om skriveprosessen og hun lot til og med publikum stemme frem navnet på hennes nye bok. Vi slo av en liten epost-prat med Basso.

Hvorfor har du valgt å være så ‘interaktiv’ i skriveprossesen?
– Kva eg skal vere open eller ikkje open om og kva slags blogg eg skal ha, og om eg i det heile skal behalde han, er spørsmål eg heile tida stiller meg. Enn så lenge har eg vald å skrive etter lystprinsippet om litteraturrelaterte tema og å veksle mellom å skrive om lesing og om skriving. Å vere open om delar av prosessen med romanen er for meg ein del av dette valet. Før eg blei anteken leitte eg sjølv etter informasjon om dei ulike sidene ved å debutere litterært, samarbeide med eit forlag, og om prosessen frå manus til ferdig bok, men klarte ikkje å finne noko. Eg veit det finst mange der ute som også lurer på dette, så eg gjer det litt for deira del og litt for å ha nokon å dele alt med, alle desse små stega som til slutt helst skal føre meg til ein fin stad.

Jeg har følt at du har vært veldig åpen om ‘hele prosjektet’, men har åpenheten på noen måte gjort det vanskeligere å skrive?
– Det har ikkje vore vanskeleg å skrive boka på grunn av openheita. Før eg skreiv ei einaste linje på bloggen om boka var ho allereie så godt som anteken av forlaget og eg sensurerte hundretals impulsar om å dele av skriveprosessen med lesarane, for å ikkje setje meg sjølv i ein potensiell pinleg situasjon dersom det av ein eller annan grunn ikkje skulle bli noko av, likevel. Trass i alt eg har delt i bloggen har eg vore langt meir tilbakehalden enn eg kunne ha vore, også for å ikkje bli forstyrra i dei skøyre fasane av arbeidet.
– Det vanskelege er jo å skrive ei bok. Og for meg er jo denne boka både den vanskelege andreboka og den vanskelege førsteboka, ein gong til, ettersom eg no debuterer som vaksenbokforfattar.

Ho legg handa mot ei av dei små rutene av kjølig glas. Lener seg heilt inntil og ser ned. Det er eit godt stykke til bakken. Ho røskar i jernsprinklane. Dei sit godt fast. Ho held seg til to av stengene og lener seg bakover med full tyngd. Ingenting skjer. Ho klatrar oppover veggen med føtene og gjer seg endå tyngre. Stengene rikkar seg ikkje. Ho trampar ut på golvet, sparkar til eit sengebein så det iler til i stortåa, bannar. Ho dumpar ned på ei av sengene og søkk saman der. Kjenner gråten som ein stein i bringa.
(Utdrag fra Fange 59. Taterpige.)

Leserne av bloggen har fått hjelpe Aina med å bestemme navnet på boka. Hvordan føles det egentlig å ha publikum så nært på ‘sitt eget’ kunstverk?

– Det var eit interessant eksperiment å sjå om folk som ikkje har lese ein tekst likevel kan hjelpe med å finne ein god tittel til han. Det viste seg å vere vanskeleg, noko eg var førebudd på, men gav meg likevel nokon å kaste ball med, nokon å dele frustrasjonen med og få oppmuntrande ord frå. Det var også ein lesar som til slutt skreiv fram nett den samanstillinga av ord som blei den endelege boktittelen, basert på to forslag eg hadde kome med i bloggen. Fange 59. Teaterpige. kommer i september.