Idag er Bokmerkers Japankorrespondent her for å fortelje dykk om dei beste bokhandlane Osaka har å by på. Osaka er den nest største byen i Japan, og eit viktig handelssentrum i landet. Byen ligg også nær populære turistdestinasjonar som Kyoto og Kobe, så folk som reiser på ferie til Japan ender lett opp med eit par dagar i byen.

Maruzen Junkudo Chayamachi
Den største bokhandelen i Osaka, og min personlege favoritt. Bokhandelen har heile 9 etasjer, der sjette etasje er tildelt utanlandsk litteratur. Dei har ikkje berre eit stort utval engelske romanar og magasin, dei har også bøker på andre europeiske og asiatiske språk. På enden av kvar bokrad står det benker der ein kan slappe av, og det finst også eit lite leseområde så du kan kike i bøkene før du bestemmer deg. Bokhandelen ligg i nærleiken av stasjonen Umeda i hjartet av byen. Området rundt bokhandelen er koseleg og moderne, med ein god del andre kafear og butikkar. Eg sender vanlegvis vennane mine til Starbucks for å vente på meg dersom eg bruker lang tid på bokhandelen.


Foto: Toshiyuki Imai/Creative Commons

Book Off Namba
Book-Off er ein landsdekkande kjede og etter mi meining eit genialt konsept. Tenk Fretex, berre for bøker, teikneseriar og elektronikk. Eg har ikkje funne engelsk litteratur i akkurat denne filialen, men det er fortsatt verdt å sjekke ut. I manga-avdelinga står folk og leser manga for å sleppe å betale for bøkene, og det er nesten umogleg å rekke fram til hyllene. Eg går alltid ut av butikken med Book Off-melodien på hjerna.

14178716818_587ce74124_b
Foto: Antonio Tajuelo/Creative Commons

Standard Book Store
Ein liten butikk i eit kjøpesenter i nærleiken av Maruzen Junkudo. Med slagordet «Her finner du ikkje bestseljarane» er det tydeleg at ein har kome til hipsterhimmelen. Eg må diverre arrestere dei på slagordet, for dei har eit stort utval av Haruki Murakami sine bøker. Dei har ikkje berre bøker, dei sel også overprisa krimskrams, som rare postkort, tøyvesker, keramikk osv. Innerst i butikken finst det også ein liten kafé der hippe folk med luer sit og arbeider framfor Macbookane sine. Eg føler meg framleis ikkje kul nok til å setje meg ned her.

Tsutaya Books Lucua 1100
Denne nydelege bokhandelen opna nyleg i åttande etasje av kjøpesenteret Lucua 1100. Her på Tsutaya er det stemning for alle pengane. Med dempa belysning og ein sirkelforma planløysing er det lett å miste vennane sine av syne medan ein går rundt og rundt i ring og kikar. Dei har eit spesielt stort utval blad og magasin, både japanske og engelske. Om ein blir svimmel finst det sjølvsagt ein Starbucks i midten av sirkelen.


Foto: Tokumeigakarinoaoshima/Wikimedia Commons

Headerfoto: uphey/Creative Commons

Ingvill Kjærstein

23 år gammal og studerer japansk litteratur i Japan. Har som mål å greie å lese bøker på så mange språk som mogleg.

Latest posts by Ingvill Kjærstein (see all)