Gullfisken
J.M.G. Le Clézio
Oversett av Ragnar Hovland

Eg fekk elleve bøker til jul i år. Ti av dei var frå mor mi. Blant dei fann eg Gullfisken av J.M.G. Le Clézio. Du veit, han som vann Nobelprisen i litteratur. Eg tenkte at det var greit, men at eg sikkert ikkje kom til å lese ho. Nobelprisvinnarar er sikkert grueleg vanskelege å lese, tenkte eg.

Heldigvis tok eg feil. Boka er verkeleg fin og ikkje tung i det heile. Ho fortel historia om ei lita jente som blir kidnappa og seld som slave i Algerie. Jenta hamnar hjå ei gammal kone, som tar i mot ho som si eiga dotter. Diverre tar det ikkje lang tid før Laila, som jenta heiter, igjen må flytte på seg, noko som er eit gjennomgongstema i boka. Den evige jakta på si eiga identiet driv ho vidare, heilt til Frankrike, kor ho håpar på eit nytt liv, som så mange andre frå dei tidligare franske koloniane. Det som møtar ho er imidlertid ikkje eit liv i overflod, men hardt arbeid og ein kvardag i skjul for politi og overgriparar.

“Då tenkte eg at det ikkje fanst ein einaste stad for meg på jorda, at overalt der eg kom, ville nokon seie at eg ikkje var heime, at eg heller fekk leite ein annan stad.”

Noen gonger medan eg las boka, hadde eg ei kjensle av å sjå inn i eit liv som eg ikkje eigentleg hadde tilgong til. Dei afrikanske innvandrarane i Paris lev eit liv under jorda, som byrjar etter mørket fell over byen og alle dei vanlege folka med jobb og hus er gått heim. Eg les om det og veit at eg aldri kunne klart å leve eit liv som det. For meg er det kanskje nettopp den biten ved boka som gir meg mest, det å få lov til å sjå korleis dei lever, fortald gjennom Laila sitt blikk og hennar syn på livet som illegal innvandrar. Ho møter mange ulike menneske på reisa si gjennom livet, men det er ingen ho eigentleg klarar å knytte seg til. Ho forlèt dei, eller dei forlèt ho, og ein må heilt til siste side før jakta hennar endeleg får ein slags slutt.

Sjølv om boka inneheld ein del vanskelege tema, er ho enkel i språket, samstundes som det lyriske skin igjennom. Ragnar Hovland har gjort eit godt arbeid med oversettinga, som har bevart det flytande språket til Le Clézio. Det er ei fin bok som stille fortel ei historie.

Likevel må eg si meg samd med dei ulike kritikarane som har sett med undring på nobelpriskomiteen sin vurdering. Sjølv om det er ei god lesaroppleving der og då, er det ikkje ei bok som set spor, slik som ein kanskje ventar av ein nobelprisvinnar. Kan hende er det ei sommarbok til å lese på stranda eller i hengekøya. Det er i alle fall ein enkel og lettfatteleg introduksjon til ein forfattarskap lønna med ein pris som heng høgt. Svært høgt. Og eg kan fortelje dykk at franskmennene er veldig stolte av prisvinnaren sin. Om enn noko forundra over tildelinga dei òg.

”Å, fisk, vesle gullfisk, pass godt på! For det er så mange lassoar og garn etter deg i denne verda.”